To år marinert i eksos og hasjrøyk – no er det nok


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Du har kanskje fått med deg at eg dei to siste åra har budd i ei overprisa skoeske på ein off-brand og privat studentbustad.

Det er mykje eg kan seie om denne bustaden, og veldig lite av det er spesielt fint.

Det einaste positive er kanskje at det ikkje var ein einaste langtekkeleg dag. Det er ein grunn til at eg aldri kjøpte meg ein TV, liksom. Kva skal ein med det, når ein berre kan kikke ut av vindauget og sjå slåsskampar, tenåringsdrama og knivstikking i direktetid? Dessutan er det alltid litt stas å få sjå bustaden sin på nyheitene.

Det har vore to lange år på dette rommet, og det siste pandemiåret har vore eksepsjonelt langt. Heldigvis gir to år marinert i eksos og hasjrøyk inspirasjon til mange ting å skrive om!

For eksempel den gongen eg fekk mjølbiller.

Eller den gongen då eg kom heim og såg at politiet ransaka rommet mitt.

Og så må vi aldri gløyme då bustaden tvang opp husleiga i fjor, midt i ein pandemi der deira eigne utgifter hadde gått ned.

På grunn av alt dette har Kristine har sagt at eg aldri kan flytte, fordi kva skal eg skrive om då? Men joke’s on you, Kristine! Eg har no flytta, og eg kan preteritumsform. Eg treng aldri å slutte, og eg kan for alltid skrive om bustaden, og smått kapitalisere på kor drit dei er.

No som du har litt bakgrunnsinformasjon om mine to år i studentleir, så vil eg berre legge til ein siste ting før eg fortel deg om sjølve flyttinga. Det var menneskeleg avføring i trappa opp til fleire gongar.

Sånn. Gjer dette at du forstår meg betre?

I så fall kan vi gå tilbake til sjølve flyttinga.

Det heile starta med at eg såg ein reklame på Instagram om at dei hadde ledige bustadar på Sagene, Sogn og Kringsjå.

Ein måtte søke på alle tre, men eg sette Kringsjå bevisst på sisteplass, ettersom ein fyr eg hadde data i to månadar budde der. Dagen etter kom ei fantastisk melding om at eg hadde fått tilbod om bustad!

På Kringsjå …

Eg kunne jo ikkje takke ja til det … ?

Eg hadde hatt lyst til å flytte så enormt lenge, men eg kunne ikkje vere ho som møtte ein fyr i januar, og søkte om å bli NABOEN hans i mars.

Det ville ha vore alt for likt meg.

Så det var berre ein ting å gjere.

Ringe Kristine og få henne til å fortelje meg kva eg skulle gjere.

Ho minna meg om at vi faktisk er vaksne menneske no, og at eg kunne snakke med han. Då ville han seie kva han tenkte, og eg slapp å sjå føre meg tusen scenario, som at han ringde politiet og sende meg eit brev om å alltid halde meg minst 500 meter vekke frå han.

Tanken på å berre kommunisere tydleg hadde ikkje eingong streifa meg, men det gav vel eigentleg litt meining. Så eg spurde kva han tenkte, etter å ha presisert at eg sette Kringsjå på tredjeval så mange gongar at han må ha trudd at eg hata tanken på å bu i nærleika av han. Han sa det var greitt, og eg signerte kontrakta.

No bur eg på Kringsjå.

Eg vaknar til fuglekvitter og ungar som er på veg til skulen, i staden for sirener og folk som kastar opp og knivstikk kvarandre. Eg og han fyren er blitt kjærastar, livet smiler og her om dagen gjekk eg ut med søpla klokka 12 på natta.

Eg visste ikkje kor mykje eg sakna å kjenne meg trygg klokka 12 om natta.


Les om då politiet ransaka leilegheita til Linn Isabel Eielsen og fann brukte truser og Gleden med skjeden

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen