Framleis fleire tusen studentar i bustadkø: – Uforsvarleg

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Samskipnadsrådet har henta inn tal frå dei fjorten studentsamskipnadene i landet om kor mange studentar som har vorte tildelte bustader og kor mange som står på venteliste.

Dei siste tala viser at 988 studentar flytta inn i bustadene til samskipnadene i perioden frå 16. august til 1. september. Dette gir ein total på 16.042 tildelte bustader i løpet av sommaren.

Samtidig er det framleis 5.843 som står på venteliste.

NSO: – Uforsvarleg

Tuva Todnem Lund er leiar av Norsk Studentorganisasjon. Foto: NSO/ Skjalg Bøhmer Vold

– Det at nesten 6.000 studentar framleis ventar på å få ein studentbustad to veker etter studiestart, er uforsvarleg. Vi risikerer at desse studentane fell frå studia før dei har byrja fordi dei manglar bustad, seier leiar av Norsk studentorganisasjon Tuva Todnem Lund.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) er godt fornøgd med at køen blir kortare og at fleire studentar får seg ein stad å bu.

– Den viktigaste jobben framover er å få regulert nok tomter, særleg i dei store studentbyane, slik at vi får bygd endå fleire studentbustader, seier Asheim.


Ådne Bakken (20) fekk ikkje studentbustad, og måtte finne husrom privat, medan Merita Fjetland er bustadsaktivist i aktivistkollektivet Reduser husleia. Begge foto: Privat. Kollasj: Framtida.no