Auke i bustadkøen: NSO etterlyser politisk vilje for å få fleire studentbustader
Talet på studentar veks raskare enn talet på studentbustader. Noreg er enno langt unna målet til Norsk studentorganisasjon om studentbustad til éin av fem studentar.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Over 12 000 studentar har fått studentbustad i år, men endå fleire står framleis i kø. Det blir løyvd pengar til å bygga nye studentbustader kvart år, men dekningsgrada står på staden kvil, seier leiar av Norsk studentorganisasjon (NSO) Tuva Todnem Lund i ei pressemelding frå Samskipnadsrådet.
Norsk studentorganisasjon (NSO) har eit mål om at minst 20 prosent av studentane skal ha moglegheit til å bu i ein studentbustad. Årets studentbustadundersøking viser at Noreg manglar 14 342 studentbustader for å nå dette målet, og at 53 690 fleire studentar står utan tilgang til studentbustad i 2021 enn i 2011.
– Eit overveldande fleirtal av studentane blir pressa ut på den private bustadmarknaden. Me treng politisk vilje for å auka dekningsgrada av studentbustader og betra studentane sine buvilkår, understrekar Tuva Todnem Lund.
Studentar i kø
Det er fleire studentar som ønsker å bu i ein studentbustad, enn det er ledige studentbustader. Per 2. august står 16.362 studentar på venteliste. På same tid i fjor var talet 12.810. Auken må sjåast i samanheng med at fleire studentar har fått tilbod om studieplass, og at Noreg i større grad er opna for internasjonale studentar i år.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H). Foto: Hans Kristian Thorbjørnsen
Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) seier at det aldri før har vore bygd fleire studentbustader enn no.
– Det har vore ei viktig prioritering frå regjeringa s side saman med å auka studietrygda. Det skal vi fortsetja med i åra framover, men då er vi òg avhengig av at kommunane er flinke til å regulera tomter og speler på lag med dei som bygger bustader til studentar, seier han i ei pressemelding.
Fleire vil få tilbod
Samskipnadsrådet har undersøkt situasjonen i alle landets 14 studentsamskipnader.
– Det er framleis studentsamskipnader som har ledige hyblar, så fleire av dei som står i kø vil få tilbod om studentbustad. Det er veldig hyggeleg å sjå at så mange studentar ønsker å bu i studentbustader, så skal me jobba vidare for at endå fleire skal få moglegheita, seier styreleiar i Samskipnadsrådet, Hans Erik Stormoen.
- Har du fått med deg teksten til Linn Isabel Eielsen om åra hennar i privat studentbustad? To år marinert i eksos og hasjrøyk – no er det nok
