FHI: Nær tredobling i smitten blant tenåringar førre veke

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

FHI slår i vekerapporten sin fast at det sist veke var ein auke i talet på melde tilfelle i alle aldersgrupper frå veka før. Totalt vart det meldt 8.619 nye tilfelle, nær ei dobling frå veka før, og flest smittetilfelle i løpet av heile pandemien.

Smitten aukar særleg blant unge. I veke 33 og 34 vart det til saman registrert 127 smitteklyngjer på 1–7 trinn i skulane, og 102 smitteklyngjer på 8–10 trinn. Størstedelen av desse smitteklyngjene vart registrerte i Oslo og Viken, 78,7 prosent for 1–7 trinn og 67,7 prosent for 8–10 trinn.

FHI estimerer at R-talet førre veke var på 1,6 med den meir usikre modellen som ikkje tek omsyn til sjukehusinnleggingar. Den meir sikre modellen viser eit gjennomsnittleg R-tal på 1,4 frå 7. august.

Avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet understrekar overfor NTB at R-talet er usikkert.

– Akkurat kor bratt det stig no, det veit vi ikkje sikkert. Men slike modelleringar er det beste verktøyet vi har, seier ho.

Avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet. Foto: Trond Schieldrop/Folkehelseinstituttet

Fleire hamnar på sjukehus

Talet på sjukehusinnleggingar steig òg førre veke, frå 46 i veke 33 til 58 i veke 34. Det er samtidig meldt om ni nye innleggingar på intensivavdeling.

Vold i FHI seier at dei følgjer denne utviklinga veldig tett.

– Rapporten viser at talet på sjukehusinnleggingar framleis er på eit lågt nivå, men har stige lite grann. Den viser òg at talet på smitta har auka kraftig, seier ho.

På spørsmål om FHI har undervurdert smitten av deltaviruset når dei har berekna modellane sine, svarer Vold:

– Eg trur ikkje vi har undervurdert smitten til viruset. Då vi gjorde modelleringane våre i sommar, trudde vi ikkje at vi ville få ein så stor topp som vi har no. Vi gjetta feil. Det er store moglegheiter for å ta feil med slike vurderingar, seier ho.

Samanlikna med tidlegare periodar i pandemien der det har vore høg smittespreiing, blir færre innlagt på sjukehus. Årsaka er ifølgje FHI at vaksinasjon sannsynlegvis vernar veldig godt mot alvorleg sjukdom, men ikkje så godt mot smitte.

Dei siste vekene har mellom 0,8 og 1,6 prosent av dei som har fått påvist koronavirus, vorte innlagt på sjukehus.

Truar ikkje kapasiteten

Instituttet vurderer det som usannsynleg at epidemien blir så omfattande som i tidlegare bølgjer, og at sjukehuskapasiteten blir trua.

– Epidemien må overvakast nøye dei kommande månadene, og tiltak blir balanserte mot sjukdomsbyrda, særleg sjukehusinnleggingar, kapasitet i helsetenesta og framgangen til vaksinasjonsprogrammet, skriv FHI i vekerapporten.

Dei ber kommunane med utbrot om å halde fram med testing og smittesporing, og dessutan meir målretta kontaktreduserande tiltak ved behov, medan andre kommunar må ha beredskap for slik forsterkning på kort varsel, skriv dei.

Mest i Oslo og Trøndelag

Det er i Oslo og Trøndelag smitten prosentvis har auka mest. I Oslo har han auka med 156 prosent, og i Trøndelag med 129 prosent.

Samtidig har testinga auka kraftig. Totalt vart 254.527 personar testa i veke 34, 34 prosent fleire enn veka før.

I rapporten slår FHI òg fast at delta-varianten no har teke fullstendig over. Dei anslår at 100 prosent av tilfella påvist førre veke var delta-varianten.

Talet på tilfelle blant delvis og fullvaksinerte aukar. 3.584 tilfelle er påviste blant delvis vaksinerte dei siste to vekene, medan 1.397 fullvaksinerte har vorte smitta.

– Talet på vaksinerte smitta ventast å auke etter kvart som talet på vaksinerte aukar, skriv FHI.


Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen