I klårtekst: Kva er greia med vaksinar og kvar kjem skepsisen frå?

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 10.05.2021 13:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I februar 2013 gav Kardashian-systera Kylie Jenner ein «shout out» på Twitter til slektningen Edward Jenner, som fann opp vaksinen som hindra koppar.

Om den for lengst avdøde Edward verkeleg er i slekt med Kylie vitast ikkje, men at han fortener ein «shout out» er liten tvil om.

Koppedøden

14. mai 1796 sette nemleg Edward Jenner verdas første vaksine, noko som har vorte kalla legekunstens første store siger.

Ein reknar med at 45 millionar menneske i Europa døydde av koppar i løpet av 1700-talet. Mellom 20 og 60 prosent av dei som fekk sjukdommen skal ha døydd, og var du så heldig å overleva vart du kraftig vansira, som det gjerne heitte på den tida.

Sjukdommen vart forårsaka av eit svært smittsamt virus, som smitta via dråpar i lufta og etter ei inkubasjonstid på 11-17 dagar gav feber. Pasienten fekk så raude flekkar som spreidde seg utover kroppen og utvika seg til væskefylte blærer. Når desse koppane sprakk, tørka dei inn og etterlet seg store arr.

Men vart du sjuk av koppar fekk du ikkje sjukdommen att, difor inførte ein på 1700-talet ein teknikk frå Austen som vart kalla variolasjon. Metoden innebar at ein tok materie frå ein sjuk pasient og sette under huda på ein frisk person, som vanlegvis fekk lette symptom og vart immun. Metoden var likevel risikofylt, og difor omdiskutert.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

Kukoppar og vakre britiske budeier

Men i England hadde dei bondepiker som var vidgjetne for å vera vakre, fordi andletet deira ikkje var vansira av koppar.

Vår mann Edward Jenner (1749 – 1823) jobba som landsbylege i heimbyen Gloucestershire, der storfehald var vanleg. Kyrne fekk ein mindre alvorleg sjukdom som likna koppar, og legen høyrde ei bondepike påstå at ho var immun mot koppar fordi ho hadde hatt kukoppar.

Først 20 år etter han først høyrde historia og avfeidde det som rykter, testa Jenner ut hypotesen om at immunitet kunne overførast.

 

Forsøket vart utført på den åtte år gamle fattigguten James Phipps, som vart sjuk av kukoppar. Seks veker seinare vart han utsett for vanleg koppesmitte, utan å verte sjuk.

Jenner døypte nyvinninga si Variolae Vaccinae. Ordet vaksine kjem faktisk av det latinske ordet for kukoppar, som er vaccinia. Ordet for ku er vacca.

Berre vaksinerte fekk gifta seg

Teknikken spreidde seg utover Europa og mange land gjorde koppevaksina obligatorisk. Det var tilfelle i Noreg der ein frå 1810 verken kunne konfirmerast eller gifta seg utan koppevaksine.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

Så seint som i 1908 hadde me likevel eit større koppeutbrot i Noreg, men i 1980 kunne verda endeleg jubla for å ha utrydda koppar. Det er den einaste sjukdommen me har lukkast med å utrydda.

Førebur kroppen sitt immunforsvar

Så kva er eigentleg ein vaksine? Ein vaksine er kort fortalt eit preparat som skal stimulere immunapparatet til den personen som vert vaksinert, slik at hen produserer antistoff og vert immun mot sjukdom.

Me har vaksinar mot både bakteriar og virus. Dei kan delast inn i fem kategoriar:

  • Levande, svekka vaksinar
  • Ikkje-levande vaksinar (inaktiverte)
  • Subeiningar
  • Toxiodvaksinar
  • Nukleinsyrevaksinar (mRNA)
    • Virusvektorvaksinar

Levande vaksinar består av levande, men svekte bakteriar eller virus. Det betyr at viruset eller bakterien kan formeire seg i kroppen, men mindre effektivt enn om ein faktisk hadde vorte sjuk.

Ikkje-levande vaksinar vert laga ved å framstilla bakteriar eller virus, som så vert drepne med kjemikaliar eller varme.

Subeiningar inneheld berre delar av ein mikrobe, som eitt enkelt protein i hepatitt-B, skriv FHI.

Toxiodvaksinar er ein type subeiningsvaksine som inneheld inaktive toxinar frå til dømes kikhoste, difteri eller stivkrampe.

Genetiske-/Nukleinsyrevaksinar inneheld genetisk informasjon i form av DNA eller mRNA som får muskelcellene der vaksinen er sett til å laga små delar av viruset, slik at kroppen igjen produserer antistoff.

I mRNA-vaksinane er RNA pakka inn i feittdråpar for å beskytta RNA og for at vaksinen enklare skal takast opp av muskelcellene. Teknologien var kjent frå før, men nokre av covid-19-vaksinane er dei første mRNA-vaksinane som er vortne godkjende for bruk. BioNTech/Pfizer og Moderna har begge utvikla mRNA-vaksinar mot covid-19.

Virusvektorvaksinar er òg DNA-vaksiner, men fungerer ved at eit ufarleg virus beskyttar og transporterer DNA til muskelcellene der vaksinen vert sett, slik at cellene kan produsere antigen for immunforsvaret. AstraZeneca, Janssen-vaksinen og vaksinen mot ebola er døme på slike vaksinar.

I tillegg inneheld fleire vaksinar òg adjuvans, eit stoff som aukar effekten av vaksinen, slik at kroppen får eit sterkare og meir langvarig forsvar. Det vanlegaste her er bruk av ulike aluminiumsalt, som stabiliserer vaksineproteinet og gir ein depoteffekt ved at mikrobeproteina vert frigitt langsamt.

Barnevaksinasjonsprogrammet

Norske barn får ni ulike vaksinar, som beskyttar mot tolv ulike sjukdommar. Det er alt frå difteri til raude hundar, polio, kusma, meslingar, kikhoste og hepatitt B. Her får òg både gutar og jenter no tilbod om HPV-vaksinen, som beskyttar mot HPV-viruset som kan utvikla seg til livmorhalskreft.

Mykje av vaksineskepsisen er kopla til barnevaksinasjon og myten om at MMR-vaksinen, som beskyttar mot meslingar, kusma og raude hundar, kan linkast til autisme.

 

I 1998 publiserte den no avskilta legen og forskaren Andrew Wakefield ein studie som hevda det var koplingar mellom denne vaksinen, tarmbetennelse og autisme. Studien vart publisert i det medisinske tidsskriftet The Lancet, fekk mykje merksemd og vert skulda for at vaksineraten for MMR-vaksinen gjekk ned frå 91 til 80 prosent i Storbritannia, skriv Forskning.no.

The Sunday Times avslørte i 2004 at Wakefield var betalt av eit advokatfirma som planla eit søksmål mot vaksineprodusentane.

Studien baserte seg på 12 barn og har fått kritikk for å ha eit lite utval, mangla kontrollgruppe, knyta saman tre vanlege faktorar og støtta seg på kva foreldra hugsar og trur.

Det har likevel skjedd at ein norsk mann fekk pasientskadeerstatning etter MMR-vaksinen. Det skjedde i 2015 då Høgsterett fann at det var eit visst forskingsbelegg for at vaksinen i svært sjeldne tilfelle kan utløysa MS (multippel sklerose) hjå unge menneske, meldte Dagens Medisin.

Verdas viktigaste vaksinolog

Ein annan mann som verkeleg er verd å merke seg i vaksinehistorien er amerikanske Maurice Hilleman (1919-2005).

I løpet av sine yrkesaktive år utvikla han over 40 vaksinar. Åtte av desse er framleis med i det amerikanske barnevaksinasjonsprogrammet, noko som betyr at han kvart år reddar millionar av liv.

Ifølgje dottera Jeryl Lynn bar faren med seg ei liste over barnesjukdommar som det framleis ikkje fantest vaksine mot.

I 1966 fekk Kirsten Hilleman vaksinen som far hennar Maurice Hilleman (t.h) har utvikla. Til venstre er storesyster Jeryl Lynn, som fekk æra av å levera viruset som starta vaksineutviklinga. Foto: National Museum of American History, Smithsonian Institution og Walter Reed Army Medical Center

Fram til koronavaksinane vart utvikla på rekordtid hadde Hillemann rekorden for den raskaste vaksinen nokosinne utvikla.

Hillemann utvikla nemleg ein vaksine mot kusma på berre fire år.

Det heile starta då den fem år gamle dottera Jeryl Lynn fekk kusma i mars 1963. Faren tok ein prøve av dottera og sette i gang. To år seinare var vaksinen klar for å testast på menneske og i 1967 var vaksinen godkjent for bruk i USA.

Seinare er kusmavaksinen blitt ein del av MMR-vaksinen, som òg er signert Maurice Hilleman.

Virusendringar og føre var

Hilleman valde vekk ein karriere som professor, for jobb i det private næringsliv, og vert med rette kalla den mest suksessrike vaksineutviklaren gjennom tidene.

Han oppdaga korleis influensaviruset endra seg frå år til år og laga eit system for å utvikla nye vaksinar. Han oppdaga òg korleis virus endrar seg når dei går mellom menneske og dyr.

I tillegg kan Hilleman skilta med å ha avverga ein pandemi då han såg ein ny type influensa breie seg frå Hong Kong mot USA, som stod klar med 40 millionar vaksinar i 1957. Over 100.000 amerikanarar døydde av viruset som vart kalla Asiasjuka, men Hilleman redda truleg millionar.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

Den mørke sida av historia

Det er likevel nok av mørke kapittel i vaksinehistoria. Du hugsar kanskje at Jenner gav den første koppevaksina til ein fattiggut? Fleire svake grupper har betalt ein stor pris for medisinske framsteg.

Eit anna mørkt kapittel er skrive av doktor Saul Krugman som i perioden 1955-1970 eksperimenterte på fem til ti år gamle born, som budde på Willowbrook, ein heim for det dei kalla mentalt tilbakeståande barn.

Krugman infiserte borna med hepatitt mellom anna ved å la dei drikke sjokolademjølk med avføring frå andre sjuke born, noko som kan vera dødeleg.

Slik oppdaga han forskjellen mellom hepatitt A og hepatitt B og framskynda vaksineutviklinga. Det medisinske tidsskriftet The Lanclet har seinare beklaga at dei ikkje var meir kritiske til metodane.


Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen