FHI ber unge laste ned Smittestopp-appen
Folkehelseinstituttet sender ein SMS til 640.000 unge mellom 16 og 25 år der dei minner om Smittestopp-appen. Årsaka er aukande smitte i denne aldersgruppa.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Så langt har éin million nordmenn lasta ned appen. No ønskjer FHI at fleire unge skal ta appen i bruk, mellom anna fordi smitten no er aukande i Noreg – spesielt blant unge vaksne og studentar.

Gun Peggy Strømstad Knudsen er assisterande direktør hjå Folkehelseinstituttet. Foto: FHI
– Samfunnet vårt er meir ope enn på lenge, og mange har for tida mange nærkontaktar, både folk dei kjenner og ikkje kjenner. Derfor minner vi i dag alle unge, og spesielt unge som har mange nærkontaktar, om å laste ned appen Smittestopp, seier assisterande direktør i FHI, Gun Peggy Knudsen.
Ho minner alle brukarane om å faktisk varsle via appen.
– Viss du får påvist smitte, er det viktig å få sagt frå til nærkontaktane dine så fort som mogleg. Det er ingen som kan sjå at det er du som varslar, og det er viktig at alle faktisk varslar i appen viss dei får påvist smitte, seier Knudsen.