Vil setja fokus på klimaendringane ved å symja i verdas kaldaste vatn

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne saka var først publisert hjå Framtida Junior. Der kan du òg lese om at koronakrisa har starta sykkelboom i Europa.

– Eg er i ferd med å symja der eg ikkje burde kunna symja, for andre gang i livet mitt. Alt på grunn av is – eller mangel på det, skriv den britiske symjaren og eventyraren Lewis Pugh på heimesidene sine. 

For tretten år sidan sumde han over Nordpolen. Det burde ikkje vore mogleg, skriv han, fordi det skulle ha vore is der han sumde. Denne månaden skal han nok ein gong prøva seg på symjetur utanom det vanlege, då han tek turen for å symja over Ilulissatfjorden på Grønland.

– Dette blir den lengste, kaldaste symjeturen i livet mitt

Ilulissatbreen, som er på UNESCO si verdsarvliste, er den raskaste isbreen i verda. Han rører seg i gjennomsnitt 30 meter per dag, og kvart år slepper han ut om lag 30 kubikkilometer is i året, skriv Pugh.

På grunn av varmare luft- og havtemperaturar smeltar breen no fortare enn han har gjort før. Om all isen på Grønland smeltar, ville det føra til eit global havnivå som stig med over sju meter. For å setja det i perspektiv, ville berre ein meters stigning drukna store byar som London, Tokyo og New York.

Ilulissatbreen i Grønland. Foto: Pixabay

– Det er ikkje nokon stad i verda enn Ilulissat som er betre til å visa fram den dramatiske verknaden av klimakrisa. Dette blir den lengste, kaldaste symjeturen i livet mitt, skriv han.

Symjeturen er på om lag 10 kilometer i luftlinje og vatnet kan bli så kaldt som minus 1,7 grader celsius. Forsøket går føre seg mellom 25. august og 5. september.


Stasjonsleiar Annika Granebeck måler høgda på toppen den 14 august 2021.
Foto: Erik Schytt Mannerfelt.