Unge bekymra over klimaendringane: – Enkelte kjenner på at verda står framfor eit stup

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg tenker vi hadde sett høgare tal om målinga vart gjort no rett etter den siste klimarapporten vart lansert, seier Cicero-forskar Marianne Aasen til NRK.

Stigande temperaturar og ekstremvêr gir dårlegare psykisk helse for menneske over heile verda, ifølgje ein rapport frå forskarar ved Imperial College London.

Ole Jacob Madsen er professor hjå Universitetet i Oslo. Foto: Paul S. Amundsen

Ikkje overraska

– Jo meir eksistensiell trusselen er, jo meir sannsynleg er det at du blir sjuk, seier Ole Jacob Madsen, professor ved Psykologisk Institutt ved Universitetet i Oslo.

Han brukar stillehavsøya Tuvalu som døme, som står i fare for å forsvinne når havet stig. Her oppgir så mange som 95 prosent ei form for klimaangst. 87 prosent seier frykta forstyrrar deira daglege gjeremål.

Han poengterer at Tuvalu ikkje kan samanliknast med Noreg, men er ikkje overraska over at fleire nordmenn rapporterer om klimaangst.

Er du uroa over klimaendringane?

Er du uroa over klimaendringane?

Ja, veldig! 6
Ja, litt. 2
Nei, ikkje eigentleg. 2
Bryr meg ikkje. 2
Svar totalt: 12

 

Kva er vitsen?

Generalsekretær i Kirkens SOS, Lasse Heimdal, fortel til avisa Vårt Land om ungdommar som ringjer inn fordi dei er uroa for klimaet.

– Enkelte seier at dei ikkje vil ha barn. Nokre stiller spørsmålet: Kva er vitsen med utdanning og å satse på livet framover? Enkelte kjenner på at verda står framfor eit stup, seier han til avisa.

Han legg til: – Vi må ikkje underslå alvoret, men heller ikkje snakke til barn og unge som om alt håp er ute.


Innbyggarar i Praia Nova-området i Beira Mosambik, søker ly og vern mot den tropiske stormen Eloise, som slo inn over landet 23. januar 2021 med vindfatar på 160 kilometer i timen. Foto: UNICEF/Franco