Vil innføre høgare avgifter for dei rikaste: – Alle sit ikkje i same båt, nokre sit i ein forureinande luksusyacht

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sjølv om klimakrisa rammar alle, så sit ikkje alle i same båt. Nokre sit i ein forureinande luksusyacht.

Det seier Andreas Sjalg Unneland, 3. kandidat for Oslo Sosialistisk Venstreparti, på telefon til Framtida.no.

No vil partiet innføre ei høgare CO2-avgift på drivstoff til yachtar og privatfly, samt luksusgoder som førsteklasse-billettar og millionbilar.

– Noreg må ta eit oppgjer med utsleppa som kjem frå den absurde luksusen til dei på toppen, seier Unneland.

Sosialistisk Venstreparti er ikkje det einaste partiet som etterspør høgare avgifter på luksusforbruk. I juli tok også Raudt til orde for høgare avgifter på yachtar og privatfly, og tidlegare har partiet programfesta at dei vil forby privatfly «som ikkje er grunna i liv, helse og sikkerheit».

– På tide at forureinar betalar

Ein rapport frå Framtiden i våre hender estimerer at 10 prosent av dei rikaste hushaldningane i Noreg i snitt har eit klimaavtrykk som er nær dobbelt så høgt som det norske gjennomsnittet. Ulikskapen stammar særleg frå store utsleppsbidrag frå reiser og transport, ifølgje rapporten.

– Det kan ikkje vere ein fossilelite som får lov til å sleppe ut så mykje dei vil medan vanleg folk strammar inn, seier Unneland og peikar på at klimakrisa vil krevje at alle flyr mindre, et mindre kjøt og tek meir miljømedvitne val i kvardagen.

SV-politikaren meiner det då vert urettvist at Stein Erik Hagen fram til nyleg brukte helikopter for å pendle mellom Oslo og Kragerø, at Reitan-familien er på sitt tredje privatfly og at Petter Stordalen brukte privatflyet sitt 450 gongar mellom 2016 og 2019.

– Ein månads bruk av privatflyet til Stordalen tilsvarar 19 år med privat køyring av dieselbil. Det er på tide at forureinar betalar, seier Unneland.

Då Dagens Næringsliv kartla flytrafikken til hotelleigaren anslo Cicero-forskar Borgar Aamaas at Stordalen-flyet hadde sleppt ut 1500 tonn COi løpet av dei tre åra, tilsvarandre 3600 gongar frå Oslo til New York. I same periode sleppte gjennomsnittsnordmannen ut 8,4 tonn CO2 .

Unneland og SV fryktar det grøne skiftet mister legitimitet og tillit i samfunnet, om ikkje dei rikaste i landet tek ein større del av omstillingsrekninga.

– Når vi skal gjennom ei omstilling, så er det viktig å seie at alle utslepp ikkje er like mykje verd. Sjølv om eitt kilo Co2 er eitt kilo Co2 uansett, så er ikkje alle utslepp like nødvendige. 

Forskar: – Må tøffare avgjersler til 

Stefan Gössling er professor ved Linnéuniversitetet og Lund universitet, og forskar ved Vestlandsforsking. Han meiner avgiftene må vere høge for å ha noko effekt, og at det i tillegg krevst ytterlegare avgjersler for å få dei aller rikaste til å endre åtferd.

Stefan Gössling er professor ved Linnéuniversitetet og Lund universitet, og forskar ved Vestlandsforsking. Foto: Linnéuniversitetet

– Dei avgiftene vi har sett andre stadar i verda har vore meir eller mindre symbolske. Om du vil at dei som flyg og forbrukar mest skal endre vanene sine, så må du ta andre avgjersler som er tøffare, seier forskaren til Framtida.no. 

SV-politikar Unneland peikar på at avgiftene skal verte så høge at sjølv dei rikaste merkar dei, og at dei i tillegg skal aukast for kvart år.

Gössling seier prisane på fossilt drivstoff må opp, men at det viktigaste tiltaket er at samfunnet tvingar flybransjen til å gå over til meir miljøvennleg teknologi.

– Vi kan ikkje berre få dei som flyr mest til å trappe ned, utan at vi samstundes får til ein overgang til ein annan teknologi som kan erstatte dei vanlege fossile brenslane, fortel Gössling. 

Samstundes løftar forskaren, som sjølv ikkje har flydd på ferie sidan 1995, eit etisk perspektiv i utsleppsdebatten. Han peikar på at nokre av dei aller rikaste i verda har like høge klimagassutslepp som ein afrikansk by, og spør: Kor mykje skal eit individ ha rett til å forureine for andre?

Høgre: – Skal vere dyrare å forureine

– Vår linje i klima- og miljøpolitikken er at det skal vere dyrare å forureine og billegare å leve miljøvennleg, fortel Lise-May Sæle, stortingskandidat for Høgre i Hordaland på telefon til Framtida.no.

Ho peikar på CO2-avgifta som allereie eksisterer og understrekar at Høgre vil ha utsleppsavgifter opp til eit visst nivå, men at det òg er viktig å gje lettingar til grøne løysingar. Høgre-politikaren peikar på CO2-rabatt til pendlarar i distrikta, momsfritaket på elbilkjøp og Enova-løyver som viktige tiltak.

Lise-May Sæle står på 6. plass på lista for Høgre i Hordaland. Foto: Fredrik Sæterstøl Mohn

– Vi må redusere utsleppa, men vi skal ikkje stoppe veksten. Der kjem forskjellen på oss og venstresida: Dei seier vi skal slutte med det meste – vi seier vi skal kutte i utsleppa, men ikkje stoppe veksten.

Sæle meiner ei grøn skatteomlegging vil vere ein sentral nøkkel for å kutte i klimagassutsleppa og møte klimakrisa, men at det òg vil vere avgjerande med internasjonalt samarbeid og letter til klimavenleg industri.

– Det skal koste å forureine og ein skal vere løna for nullutsleppsløysingar, konstaterer Lise-May Sæle.


Bilete frå skulestreik og Klimabrølet i Oslo, 30. august 2019. Foto: Ingvild Eide Leirfall