Som å vere ungdom på 80-talet: ein stemningsrapport frå Raud Ungdoms sommarleir.
Lurer du på korleis det er å vere på ein politisk sommarleir? Framtida.no tek temperaturen på sommarleiren til Raud Ungdom.

Denne saka er ein del av valprosjektet «Summer of ’25», som er støtta av Fritt Ord. I sommar besøker Framtida.no sommarleirane til ungdomspartia.
Det er strålande sol og skyfri himmel på Gausta leirstad når Framtida.no besøker Raud Ungdom sin sommarleir, fredag 11. juli.
Mellom raude hytter sit oppmerksame sommarleirdeltakarar i ein ring i graset. Dei er godt i gang med dagens fyrste aktivitet: førebuingar til skuledebatt.
– De må ikkje vere redde for å berre huke tak i folk!
Amrit Kaur, leiaren i Raud Ungdom, viser korleis ein kan få kontakt med folk når ein står på stand. Ho fektar energisk med armane medan ho pratar, og tilskodarane flirer av den overentusiastiske karakteren ho speler ut.
– HEI, VIL DU VERE MED I RAUD UNGDOM?!
Bra med fagleg påfyll
Dei fleste norske ungdomspartia arrangerer årlege sommarleirar. Her får medlemane politisk opplæring og fagleg påfyll. På Raud Ungdom sin sommarleir betyr det mellom anna foredrag, diskusjonar og tale- og debattkurs.
Henning Auestad Saga (18), leiar i Asker og Bærum Raud Ungdom, synest det er bra å få ei slik opplæring.
– Eg synest det politiske vi lærer her er veldig, veldig spennande. Vi lærar om løysingar på mange av problema vi har i dag. Og så får ein prate med masse nye folk, som har andre perspektiv enn ein sjølv.
Fordi det er valår i år, er det kanskje ekstra viktig for ungdomspartia å gje medlemmane sine grundig politisk opplæring. Samstundes handlar sommarleir om meir enn berre fag. På sommarleiren til Raud Ungdom er det sett av mykje tid til det sosiale. Bading, leikar, grilling av marshmallows, og sjølvsagt: ei intensiv fotballturnering.
Full kok
Notatane frå debattkurs er pakka bort, og fotballshortsane er på. Dei omlag 112 deltakarane på leiren har delt seg inn i fotballag, basert på kor i landet dei er frå. Sentralstyret i Raud Ungdom har også sitt eige lag og eigne heiarop. Men så snart dei set i gang med eit av dei, blir dei overdøyvde av misnøgde tilrop.
– SST! SST!
Sentralstyret let ikkje til å bry seg om tilropa, dei er tilsynelatande overtydde om at dei kjem til å vinne. Skal ein tru førre årsrapport er dei regjerande meistrar. Ryktet seier likevel at sentralstyret har for vane å skrive i årsrapportane at dei vinn, uansett om dei gjer det eller ikkje. Kanskje er det derfor alle buar så hjarteleg på dei.
Sola steiker, og gradestokken nærmar seg 30 grader. Leirens HMS-ansvarleg går rundt med ein tube solkrem medan spelarane på banen gjer seg klare.
At det er varmt, ser ikkje ut til å dempe innsatsen til leirdeltakarane. Dei gjer alt. Men når dei kjem av bana, er flere heilt utslitne.
– Åh, det var forferdeleg. Eg var berre keeper, og sto mest i ro, men sola trefte meg. Eg sveittar framleis, seier Emir Katan (18). Årets sommarleir er det første Raud Ungdom-arrangementet han er med på.
– Eg er ny, eg kjente ingen. Men no har eg blitt kjent med fleire. Det er snille folk her. Eg synest det sosiale er det beste med sommarleiren.
Litt som på 80-talet
Oda Johanne Sundsbø (21) kjem også rett frå fotballkamp når Framtida.no hukar tak i ho.
Ho beskriv sommarleir som ein sjølvtillitsboost, der ein blir høyrt og finn eit fellesskap.
– Ein møter veldig hyggelege folk, og har veldig bra samtalar, og så er det masse koselege aktivitetar. Spele fotballkamp, synge rundt bålet.
– Det kjennest nesten som å vere ungdom på 80-talet.
– Åja, kvifor det?
– Telefonen blir gløymd, og det er ikkje noko press på å vere kul. Nokon sit og speler gitar, og… ja, det er ei anna verd.
Den billigaste sommarleiren
Sanjitaa Venkatesh (17) frå Asker seier noko av det beste med sommarleiren til Raud Ungdom, er at han er billig.
– Eg likar veldig godt at dei har valfri deltakaravgift. Ein kan velje kor mykje ein vil betale basert på kor god råd ein har. Det synest eg er veldig bra.
Oda Johanne Sundsbø er heilt enig.
– Eg trur det at leiren er billigare, gjer det lettare å melde seg på. Politikk bør eigentleg vere gratis, for då kan alle ha ei stemme, seier ho.
Saka fortset etter biletet.
● Les også: Raud Ungdom synest FpU sin sommarleir er for dyr
Ein slags radikal empati
At sommarleir er ein plass der ein kan vere seg sjølv, er noko som går igjen når Framtida.no spør kva som er det beste med å vere på leir.
Blant dei som meiner det er Bo Haga-Fadnes (18), som har vore med i Raud Ungdom sidan 2021. Han seier han bestemte seg for å bli med på sin fyrste sommarleir etter landsmøtet våren 2024, og no er han tilbake for andre gong.
– Eg tenkte det var på tide å bli litt meir involvert. Eg har alltid vore rar og annleis og utanfor. Men på sommarleir, der er også dei rare folka. Det er ein så fin kombinasjon av at du kan vere deg sjølv med andre, og at andre respekterer deg og er glad i deg for det.
Haga-Fadnes trur dette er noko unikt for Raud Ungdoms sommarleir.
– Alle her meiner noko kraftig, dei ønskjer seg noko betre og meir rettferdig for seg sjølve og alle andre rundt seg. Det er ein slags radikal empati i det å vere sosialist.