Frp vil gjera sidemål valfritt
11. mars fremmar Frp eit nytt forslag på Stortinget om å fjerna obligatorisk sidemål.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Mange elevar slit med å kunna lesa og skriva hovudmålet sitt godt nok. FpU har difor utfordra Frp til å fremma forslag om å gjera sidemål valfritt.
Det seier første nestformann i FpU, Martin Jonsterhaug, til VG.
Fremmar valfritt sidemål på ny
Nyleg fremma Framstegspartiet saka om valfritt sidemål i utdanningskomiteéen på Stortinget, som stemte forslaget ned. 11. mars vil Frp stortingsrepresentant Silje Hjemdal (Frp) ta saka opp på ny.
Førre veke kom Noregs Mållag med eit forslag om at nynorskelevar bør få ekstrapoeng ved opptak til høgare utdanning, noko Jonsterhaug meiner er ein dårleg idé.
Nestformannen i FpU gler seg over Frp-forslaget om å gjera sidemål valfritt og håpar det vert vedteke denne gongen.

Ola Svenneby er leiar i Unge Høgre. Foto: Unge Høyres Landsforbund
Både Senterungdommen og AUF er ueinige i forslaget om å gjera sidemål valfritt.
Unge Høgre vil fjerna karakteren
Unge Høgre-leiar Ola Svenneby meiner på si side at ein bør bevara sidemål, men fjerna karakteren.
– For vår del er vi mest opptekne av å redusera talet på norskkarakterar. I dag risikerer ein å få seks norskkarakterar fordi ein blir vurdert i både bokmål og nynorsk. I tillegg kan ein bli trekt opp til eksamen. Det er urimeleg og bør endrast, slik at ein berre får éin skriftleg norskkarakter pluss eventuell eksamenskarakter, seier Svenneby til VG.