Dette var den fyrste sommarjobben deira

Karine Jonsrud Pedersen
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I spalta Min fyrste sommarjobb fortel kjende personer i Noreg om den fyrste sommarjobben deira og tabbane og lærdomane som følgde med.

Dette er nokre av svara: 

Espen Nakstad jobba på bensinstasjon

Espen Nakstad hadde sin fyrste sommarjobb på bensinstasjonen på heimstaden. Han jobba på Skjetten Fina. Fina blei seinare Shell, så bensinstasjonen på biletet skal vere den same staden den assisterande helsedirektøren starta arbeidskarrieren. Foto: Bensinstasjoner i Akershus 2016-2017 i MiA Museene i Akershus via Digitaltmuseum lisens CC BY-SA, Finn Oluf Nyquist / Helsedirektoratet.

Heile Noregs assisterande helsedirektør starta karrieren på den lokale bensinstasjonen i Skedsmo kommune. Her gjorde han alt frå vanleg butikkarbeid til service og oljeskift på bilar.

Nakstad fortel at han lærte mykje om forskjellige menneske, og ein god del om bilmotorar.

Kva var det beste med jobben? 

– Det var ein hyggeleg jobb fordi ein prata med kundar og kjentfolk kvar gong ein var på jobb.

Kva var det verste? 

– Å jobbe til seint på kvelden.

Kva var den største tabba du gjorde? 

– Den største tabba var nok å seie ja til å jobbe på varme sommardagar, då skulle eg ønske eg heller hadde vore på stranda.

  • Les om korleis Nakstad fekk jobben, kva han brukte lønna på og kven han blei kjend med her. 

Mari Boine vaska på campingplass

Alle må starte ein stad. No er Mari Boine ein prisløna artist med internasjonalt publikum – men då ho var ung jobba ho med å vaske rom på Skoganvarre camping. Foto: Privat, Gregor Hohenberg

Musikaren sin fyrste arbeidsplass var på ein campingplass i Finnmark. Der møtte ho folk frå heile verda. Boine serverte mat og drikke til turistane og vaska romma deira.

Det fortalde ho til Framtida.no i fjor sommar.

Boine sa at språkevnene hennar blei mykje betre etter sommarjobben på campingplassen.

Kva var det beste med jobben? 

– Å møte menneske frå heile verda! Eg var så glad for å få sjansen til å øve på engelsken, tysken og finsken min.

Kva var det verste med jobben? 

– All vaskinga…

Kva var den største tabba du gjorde?

– Eg kan ikkje hugse noko stor tabbe… Det må vere ein gong eg forsov meg, så sjefen måtte kome og vekke meg opp.

  • Nysgjerrig på kven ho blei kjend med og kva ho brukte pengane på? Sjå her.

Selma Ibrahim var jordbærseljar

Selma Ibrahim syntest det var vanskeleg å rekne ut hektoprisen på morellar, men følte seg veldig kul som hadde fått sin fyrste sommarjobb. Foto: privat, kollasj Framtida.no

NRK Super-profilen fekk ete så mykje jordbær ho ville, og selde bæra altfor billig då ho jobba som jordbær- og morellseljar ein sommar i ungdomstida.

Denne sommaren arbeider ho i NRK si sommarsending, Sommarskuta. 

Ho fortel at jobben som jordbærseljar lærte ho å snakke med menneske ho ikkje kjende frå før, og at ho etter kvart blei litt betre i matte.

Kva var det beste med jobben? 

– Det beste med jobben var at eg følte meg ganske kul som i det heile tatt hadde ein jobb. Hehe, og så fekk eg ete så mykje jordbær eg ville.

Kva var det verste? 

– Det verste var at eg aldri har vore særleg god i matte, så det å rekne ut hektoprisen for morellar var ikkje så lett. Trur det blei nokre ganske billige morellar for nokre heldige.

Bjarne Lagesen var purkeskjerar

Bjarne Lagesen er ungdomsrådgjevar i LO, der han mellom anna har overoppsyn for sommarpatruljen som sjekkar arbeidsvilkåra for unge i sommarjobb. Sjølv hadde han sin fyrste sommarjobb på eit slakteri. Foto: LO/Privat

Ungdomsrådgjevaren i LO sikra seg god lønn i sin fyrste sommarjobb, men overdreiv bruk av vernesutstyr.

Framtida snakka med Lagesen i fjor sommar. Då hadde han nyleg fortalt at koronaviruset gjorde jobben til sommarpatruljen vanskelegare.

Sjølv fekk han sin fyrste sommarjobb gjennom storebroren som er utdanna slaktar. Arbeidet gjekk stort sett i å beine ut sideflesk, og finskjere det etterpå.

Lagesen fortel at han lærte fort mykje om ansvaret i det å ha ein jobb og kva slags plikter som følgjer med.

Kva var det beste med jobben? 

– Eg syntest det kollegiale på arbeidsplassen var veldig bra. Eg skal også innrømme at lønna var veldig god for å vere til ein sommarvikar.

Kva var det verste? 

– I starten var det jo veldig uvant å stå oppreist heile dagen, så eg blei sliten i beina. Elles var jobben veldig fin. Raskt tempo, og det er gøy!

Kva var den største tabba du gjorde?

– Ein må bruke brynje (rustning for overkroppen) når ein skjer kjøt. På min fyrste arbeidsdag skulle eg jobbe overtid, og då skulle eg gjere noko som kallast å rive ister på slaktelinja. Det treng ein ikkje brynje til, sidan ein ikkje bruker knivar eller utstyr som er skadeleg. Så der sto eg, til alles store latter, med ei tung brynje og reiv ister så sveitten sto. Det var flaut.

Camilla Stolteneberg pakka varer i grønnsaksbutikk

Camilla Stoltenberg hadde sin fyrste sommarjobb då ho var 15. Etter ungdomsskulen tenkte ho å forsørge seg sjølv. Foto: FHI, Privat

Ei anna Framtida var i kontakt med i fjor i sommarjobbspalta var Camilla Stoltenberg, direktør for Folkehelseinstituttet. Oslokvinna hadde sin fyrste sommarjobb på Valkyrie plass i Oslo. Der sto ho i grønsaksbutikk og selde frukt og grønsaker, pakka varer og rekna ut prisar.

Stoltenberg fortel at ho lærte mykje av sin fyrste sommarjobb. Ho trekk særleg fram kor interessant ho tykte hierarkiet på jobb var, tilhøvet mellom kundane og dei som jobba der, og mellom dei tilsette og dei som dreiv butikken.

Kva var det beste med jobben? 

– Å bli kjend med dei andre som jobba der, samt å oppleve kor hardt arbeidet var. Vi stod og gjekk på hardt betonggulv heile dagen, og dei vaksne damene klagde over at beina hovna opp og at dei blei slitne i ryggen.

Kva var det verste? 

– Eg hadde det fint der og hugsar ikkje noko som verst. Men eg opplevde mykje, syntest eg, og skilde mellom kundar som var vennlege og kundar som var gretne, oversåg meg, klaga på prisane eller tedde seg nedlatande. Kanskje berre fordi eg arbeidde i butikk.

Kva var den største tabba du gjorde?

– Eg gjorde sikkert tabbar, men dei må eg ha fortrengt. Det er lenge sidan.


  • Vil du lese om den fyrste sommarjobben til fleire kjende personar? Sjå her. 

I sin fyrste sommarjobb klipte Bård Aasen Lødemel kantar, beisa og mala. Foto: Privat / Isak Okkenhaug