Nesten vaksen: Skal du ha sommarjobb? Dette må du hugse på!

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kva skal det stå i kontrakten, og kven seier du frå til om noko er ugreitt? Har du rett på overtidsbetaling, og kor lang skal pausen vere?

Sjå tipsa lenger nede i saka!

Ikkje godta dårlege arbeidsforhold

Bransjar som har vore stengde eit langt koronaår opnar no opp att for både gjestar og mange nytilsette sommarvikarar. Trude Vollheim i Arbeidstilsynet åtvarar unge mot å godta dårlege arbeidsforhold i iveren etter sommarjobb:

– Sjølv om det no blir tilsett mange på kort tid, kan det fort bli ein kamp om sommarjobbane etter eit år der mange har vore permitterte. Det kan føre til at dei som har fått ein jobb godtek dårlegare arbeidsforhold enn dei har krav på, fordi dei er redde for å miste jobben, seier direktøren i ei pressemelding. 

LO sin sommarpatrulje har også råd til unge på veg inn i sommarjobb.

– Me veit at kunnskapen om arbeidsliv er låg når ein er ung, og då er det lettare å bli utnytta. Derfor vil me vere til stades for dei og bidra med kunnskap og erfaring, seier ungdomsrådgjevar og sommarpatruljesjef Bjarne Lagesen.

Mykje betring på 36 år

Den siste veka i juni legg sommarpatruljen ut på vegen for å sjå korleis det står til med arbeidsvilkåra for unge sommarjobbarar landet rundt. Lagesen fortel at dei plar finne litt av kvart når dei er ute.

– Folk manglar vaktlister, dei får ikkje overtidsbetalt og kanskje får dei ikkje opplæringa dei treng. Det er slike ting me leitar etter, og det er det me finn.

Han er likevel glad for at sommarpatruljen sitt arbeid dei siste 36 åra har hatt effekt.

– Over tid har me gått frå at 30 prosent ikkje hadde arbeidskontrakt, til at det i fjor berre gjaldt 6,8 prosent. Det er ei enormt positiv utvikling!

Bjarne Lagesen er ungdomsrådgjevar i LO, der han mellom anna har overoppsyn for sommarpatruljen, som sjekkar arbeidsvilkåra for unge i sommarjobb. Sjølv hadde han sin fyrste sommarjobb på eit slakteri. Foto: LO/Privat

? Arbeidskontrakt

– Hugs arbeidskontrakt! Det er alltid det første me seier, seier Lagesen. 

Uansett kva type jobb du har fått, har du krav på ein skriftleg arbeidskontrakt. I arbeidkontrakten skal det stå når og kor du skal arbeide, oppseiingstid, kva løn du skal få og kva du skal gjere.

Les kontrakten nøye og spør arbeidsgjevar om det er noko du ikkje forstår!

Om du arbeider på ulike tider på døgnet, pliktar arbeidsgjevar å gje deg vaktlister to veker før du startar.

?‍? Opplæring

Før du tek til, er det viktig å hugse at du også har krav på nødvendig opplæring, og ho skal vere betalt. Opplæringa skal sørgje for at du kan utføre arbeidet på ein trygg måte både for deg sjølv og andre. Ungdom skal til dømes ikkje utsetjast for høgare smitterisiko enn vaksne.

– Mange prøvar seg på alternative løysingar som «prøvejobbing» og slikt, men det går ikkje, seier Lagesen. 

?Løn

I Noreg finst det inga generell minsteløn, men nokre bransjar har likevel lovpålagte minstesatsar. Har du fått deg arbeid innafor til dømes overnatting, servering, reinhald eller landbruk, finn du listene over minstelønene på arbeidstilsynet sine nettsider.

I bransjar utan minsteløn blir løna avtalt mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar, og skal stå i kontrakten.

Har du fått arbeid i til dømes helse- og omsorgsektoren er det tariffavtalen som gjeld, altså avtalen mellom fagforeininga og arbeidsgjevar som bestemmer ting som løn, tilleggssatsar og arbeidstider.

? Arbeidstid og pausar

Alderen din bestemmer kor mykje du har lov til å arbeide og kor mange og lange pausar du har rett på.

Er du under 15 år, skal du berre utføre lett arbeid, og arbeide maks 35 timar i veka. Du kan til dømes vere avisbod eller gjere kontor- og butikkarbeid. Alle under 15 må ha skriftleg samtykke frå foreldre eller føresette før dei kan begynne å arbeide.

Er du mellom 15 og 18 kan du arbeide opptil 40 timar i veka, men ikkje ta nattarbeid med mindre det er særskild avtalt.

Alle under 18 har rett på minst ein halvtimes kvilepause om arbeidsdagen er lengre enn fire og ein halv time. Ein skal ikkje jobbe overtid, og i løpet av sommaren skal du ha minst to veker ferie der du verken jobbar eller går på skule.

Er du over 18 år kan du ta dei fleste jobbar, og arbeide 40 timar i veka. Jobbar du meir, har du rett på overtidsbetaling. Når arbeidsdagen er lengre enn fem og ein halv time skal du få minst éin pause, og er arbeidsdagen åtte timar lang skal pausen vere på minst ein halvtime.

?Organiser deg!

Lagesen i LO rådar også unge om å melde seg inn i ein fagorganisasjon for å ha eit betre tryggleiksnett på jobb.

– Å vere fagorganisert gjer det lettare å få hjelp om noko skulle skje.

Er du elev på vidaregåande eller på folkehøgskule er medlemskapet gratis, mens studentar og lærlingar betalar redusert pris.

? Sei ifrå!

Om noko kjennest utrygt eller ugreitt ut på jobb, skal du seie ifrå. Mange arbeidsplassar har ein tillitsvald eller eit verneombod du kan ta kontakt med, og arbeidsgjevar pliktar å informere deg om kven det er. Men det er det mange som ikkje gjer, fortel Lagesen:

– Godt over 20 prosent blir ikkje informert om kven som er verneombod på arbeidsplassen. Grunnen til at det er så viktig er at me veit at unge og utanlandske arbeidarar ligg høgst på ulukkesstatistikken.

? Ingen reglar utan unntak

Dei fleste reglar har unntak, også arbeidsmiljølova. Derfor bør du kjenne dine rettar – les deg opp på detaljane i arbeidsmiljølova her!

‼️ Hugs at du også har plikter!

Du har rett på mykje, men som arbeidstakar har du også plikter ovanfor arbeidsgjevaren din. Du pliktar til dømes å møte opp til rett tid, å bruke verneutstyret som krevst og å gjere ditt for å bidra til eit trygt og godt arbeidsmiljø. Og det andre du skreiv under på i kontrakten, sjølvsagt.

Står det i kontrakten at du byrjar klokka åtte, byrjar du åtte. Ikkje kvart over. Om du ikkje klarar å overhalde det som står i kontrakten kan du faktisk miste jobben.

– Gjer di plikt, krev din rett! avsluttar Lagesen og siterer den tidlegare LO-leiaren Yngve Hågensen. 

Lukke til på arbeid!


  • Les også om andre sine første sommarjobbar her

Visste du til dømes at Espen Nakstad hadde sin første sommarjobb på bensinstasjon, eller at Mari Boine forsov seg då ho arbeidde på campingplass? 

Espen Nakstad hadde sin første sommarjobb på bensinstasjonen på heimstaden. Han jobba på Skjetten Fina. Fina blei seinare Shell, så bensinstasjonen på biletet skal vere den same staden den assisterande helsedirektøren starta arbeidskarrieren. Foto: Bensinstasjoner i Akershus 2016-2017 i MiA Museene i Akershus via Digitaltmuseum lisens CC BY-SA, Finn Oluf Nyquist/Helsedirektoratet, kollasj Framtida.no