Min fyrste sommarjobb: Camilla Stoltenberg pakka varer i grønnsaksbutikk

Helene Hovden Hareide
Publisert
Oppdatert 07.06.2021 14:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som direktør for Folkehelseinstituttet (FHI) har Camilla Stoltenberg (62) sitt namn vore aktuelt som aldri før denne våren. Oslokvinna er lege og professor II ved Universitetet i Bergen, samt forskar med doktorgrad i epidemologi.

Men lenge før alle desse merittane hadde Camilla sin fyrste sommarjobb på Valkyrie plass i Oslo, der ho som 15-åring sto i grønsaksbutikk.

Den gamle t-bane stasjonen på Valkyrie plass i 1963. Foto: Leif Ørnelund/Wikimedia commons/CC BY-SA 3.0 NO

Korleis fekk du jobben?

Eg gjekk frå stad til stad og spurte om dei trengte hjelp. Eg hadde spurt om sommarjobb i ein del butikkar allereie då eg fekk ja frå denne.

Kva bestod arbeidsoppgåvene dine i?

Eg selde frukt og grønsaker. Nesten alt dei hadde i butikken var i lausvekt. Eg kan eigentleg ikkje hugse noko som var pakka inn på førehand, i alle fall ikkje i plast, men eg kan ta feil.

Eg var med på å legge varene ut i kasser og store posar før butikken opna. Kundane sa kva dei ville ha og peikte dersom eg var i tvil om kva type potet eller løk dei ville ha. Eg plukka ut varene, vegde dei og la dei i mindre papirposar. Eg trur ikkje kundane fekk ta på fruktene og grønsakene sjølv. Så rekna eg ut og skreiv ned kva det kosta – for hand – og la det heile saman, tok imot papirpengar og myntar og gav vekslepengar tilbake, gav varene til kundane – og sa takk.

Hadde du sommarjobben i fleire år?

Nei, ikkje den same jobben. Men året etter jobba eg i fiskebutikk. Det var også opplevingsrikt.

Kva var det beste med jobben?

Å bli kjend med dei andre som jobba der, samt å oppleve kor hardt arbeidet var. Vi stod og gjekk på hardt betonggolv heile dagen, og dei vaksne damene klagde over at beina hovna opp og at dei vart slitne i ryggen.

Kva var det verste?

Eg hadde det fint der og hugsar ikkje noko som verst. Men eg opplevde mykje, syntest eg, og skilde mellom kundar som var vennlege og kundar som var gretne, oversåg meg, klaga på prisane eller tedde seg nedlatande. Kanskje berre fordi eg arbeidde i butikk.

Ein butikk på Bøler med kundar, i 1958, det året Camilla Stoltenberg vart fødd. Foto: Norsk folkemuseum/CC BY-NC-ND 3.0 NO

Kva var den største tabba du gjorde?

Eg gjorde sikkert tabber, men dei må eg ha fortrengt. Det er lenge sidan.

Kva lærte du?

Mykje. Å forstå hierarkiet var veldig interessant, tilhøvet mellom kundane og oss som jobba der, og mellom dei tilsette i butikken og dei som dreiv den.

Kven blei du kjend med?

Eg var nysgjerrig på alle som arbeidde i butikken, og vart kjend med dei.

– Kva brukte du pengane til?

Eg hadde ei førestilling om at eg ville forsørgje meg sjølv straks eg var ferdig med ungdomsskulen, så eg sparte pengene.