Min fyrste sommarjobb: Bjarne Lagesen var purkeskjerar

Helene Hovden Hareide
Publisert
Oppdatert 04.08.2020 11:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nyleg var Bjarne Lagesen ute og fortalte at koronaviruset har gjort jobben til LOs sommarpatrulje vanskelegare i år. Patruljen har reise rundt for å sjekke arbeidsvilkåra for unge i sommarjobb dei 35 siste åra.

Vi tok ein prat med LO-ungdomsrådgjevaren om arbeidstilhøva i hans eige fyrste ferievikariat.

Bjarne Lagesen i aksjon på slakteriet til Nortura Steinkjer. Foto: Privat

Kva var din fyrste sommarjobb?

Min fyrste skikkelige sommarjobb var då eg som 18-åring skulle jobbe som purkeskjerar på Nortura Steinkjer. Eg hadde rett nok nokre småjobbar før det også, men dei var ikkje sommarjobbar.

Arbeidet gjekk stort sett i å beine ut sideflesk.

Korleis fekk du jobben?

Jobben fekk eg gjennom storebroren min, som er utdanna slaktar. Eg hadde gått nokre sommarferiar utan jobb og sende eigentleg søknaden etter fristen. Pappa meinte at no måtte eg tene mine eigne pengar, så bruttern snakka med sjefen sin på jobb. Eg fekk beskjed om å sende ein søknad i all hast, så ville det kanskje gå.

Kva bestod arbeidsoppgåvene dine i?

Arbeidet gjekk stort sett i å beine ut sideflesk, og finskjere det etterpå. Gjennom sommaren lærte eg meir og meir om dei ulike stykningsdelane av dyret.

Hadde du sommarjobben i fleire år?

Eg fekk faktisk fast jobb der same haust, og endte opp med å jobbe der i heile ni år før eg starta i LO i 2018.

Så der sto eg, til alles store latter, med ei tung brynje og reiv ister så sveitten sto.

Kva var det beste med jobben?

Eg syntest det kollegiale på arbeidsplassen var veldig bra. Eg skal også innrømme at løna var veldig god for å vere til ein sommarvikar.

Kva var det verste?

I starten var det jo veldig uvant å stå oppreist heile dagen, så eg blei sliten i beina. Elles var jobben veldig fin. Raskt tempo, og det er gøy!

– Gjennom sommaren lærte eg meir og meir om dei ulike stykningsdelane av dyret, fortel Lagesen. Foto: Privat

Kva var den største tabba du gjorde?

Ein må bruke brynje når ein skjer kjøt. På min fyrste arbeidsdag skulle eg jobbe overtid, og då skulle eg gjere noko som kallast å rive ister på slaktelinja. Det treng ein ikkje brynje til, sidan ein ikkje brukar knivar eller utstyr som er skadeleg. Så der sto eg, til alles store latter, med ei tung brynje og reiv ister så sveitten sto. Det var flaut.

Kva lærte du?

Eg lærte veldig fort mykje om ansvaret i det å ha ein jobb. Når ein har jobb er det ein del plikter som følgjer med, som til dømes å møte opp til rett tid, som eg ikkje alltid var like flink til på skulen.

Kven blei du kjend med?

Eg blei kjend med mange gode folk, som så blei mine kollegaer i ni år. Folk som ein kan sjå på som mentorar, og som eg i dag ser på som gode og nære vener.

Kva brukte du pengane til?

Det hugsar eg sanneleg ikkje. Noko gjekk til å betale husleige fram til jul, men det meste sløsa eg nok vekk på klede og moro.

Alle må starte ein stad. No er Mari Boine ein prisløna artist med internasjonalt publikum – men då ho var ung jobba ho med å vaske rom på Skoganvarre camping. Foto: Privat/Gregor Hohenberg