logo-framtida Nyhende- og debattavisa for unge
MENYLUKK
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema
TIPS OSS
  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
TIPS OSS
Ungdomsrådgjevar i LO, Bjarne Lagesen. Foto: Ryan Kelly / NTB scanpix/ NPK

Korona stikk kjeppar i hjula for Sommarpatruljen til LO

Kvar sommar sjekkar LOs sommarpatrulje arbeidsforholda til sommarvikarar. I år gjorde koronaviruset jobben vanskeleg.

Nynorsk Pressekontor
Publisert 22.07.2020 11:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kvar sommar sjekkar LOs sommarpatrulje arbeidsforholda til sommarvikarar. I år gjorde koronaviruset jobben vanskeleg.

Mellom anna har patruljen ikkje kunna gå inn på sjukeheimar og andre institusjonar der folk bur, for å vere sikre på at dei ikkje bidreg til koronasmitte.

– Det har òg vore mindre deltaking. Vi vil ikkje tvinge folk til å gå dersom dei føler fare for å bli smitta sjølve, seier ungdomsrådsgivar Bjarne Lagensen i LO til NTB. Han er leiar for sommarpatruljen.

Ungdomsrådgjevar i LO, Bjarne Lagesen. Foto: LO

Patruljen oppsøkte norske bedrifter i siste veka i juni og dei to første vekene i juli. Lagensen understrekar at det ikkje har vore smitte internt i sommarpatruljen, og at dei har hatt god kontroll på dei ulike Pará som oppsøkjer bedriftene.

– Vi har hatt mykje strengare smitteverntiltak enn retningslinjene FHI tilrådde på det tidspunktet, seier han.

Les også: Stasjonspikene skapte sin eigen sommarjobb

Telefonsamtalar

Mellom anna har patruljen i år gjennomført telefonintervju i mange tilfelle, framfor å oppsøkje sommarvikarar på arbeidsplassar. I tillegg har ein samla inn svar frå sommarvikarane digitalt, framfor skjema på papir.

– Det er klart at den gode samtalen er best når vi kan sitje saman med folk. Vi er der for å skape tryggleik for unge arbeidstakarar, og det blir lettare når ein møter dei ansikt til ansikt, seier Lagensen.

Han fortel at hovudinntrykket først og fremst er at det er langt færre sommarvikarar enn normalt.

– Det skjer veldig mykje oftare enn vanleg at bedrifter melder at dei ikkje har sommarvikarar, seier Lagensen.

Les også: Drøymer du om sommarjobb? Dette bør du tenkje på!

Færre brot på retningslinjene til LO

Førebels har ikkje LO gjennomgått tala nasjonalt. Til iTromsø fortel likevel fagleg ungdomssekretær Markus Gabrielsen i LO Troms og Finnmark at det er færre brot på retningslinjene til LO i Tromsø. Dei reknar med at dette kjem av viruspandemien.

– Det har ført til at vi ikkje har kunna gjort like mange besøk som under eit normalår, så det er nok større uvisse til om statistikken er heilt representativ, seier Gabrielsen til avisa.

Vanlegvis melder rundt 50 prosent av dei spurde arbeidstakarane i Tromsø om brot på retningslinjene, medan det i år er rundt 37,7 prosent. Rundt 18 prosent har ikkje fått tilstrekkeleg informasjon om verneombod på arbeidsplassen, medan 14,5 prosent ikkje har fått vaktlister i tide.

Les også: Resultata frå LOs sommarpatrulje er klare: Fire av ti bedrifter bryt lova

LO sitt hovudkvarter er i Folkets Hus i Oslo sentrum. Foto: Kjetil Ree/Wikimedia Commons/CC BY-SA 2.5

  • SKULE OG JOBB
  • Korona
  • LO
  • sommarjobb
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Relaterte saker

Fleire unge får sommarjobben avlyst på kort varsel

Senterungdommen vil gjere det enklare å tilsette dei under 21 år

LO sin sommarpatrulje: – Det viktigaste er å drive informasjonsarbeid

Framtida logo

Nyhende- og debattavisa for unge – Framtida.no er ei redaksjonelt uavhengig avis, som har som mål å styrkja nynorsken og bidra til å auka og få fram engasjementet til unge.

Ansvarleg redaktør: Andrea Rygg Nøttveit

Stortorvet 10, 0155 Oslo.

Ved å bruka Framtida.no aksepterer du bruk av informasjonskapslar. Les meir om personvernpolitikken vår.

  • Samfunn
  • Kultur
  • Skule og jobb
  • Natur og miljø
  • Magasinett
  • Quiz
  • Meining
  • Om oss
  • Skribentar
  • Nettstadskart
  • Nyhendebrev
  • Tema

Følg

Tips
Send epost til
tips@framtida.no
eller ring redaktør
Andrea Rygg Nøttveit:
481 40 342

Takk for støtta:

  • logo-fagforbundet
  • logo-abc-startsiden
  • logo-lnk
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir! Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy

Privacy Overview

This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary
Always Enabled
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Non-necessary
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.
SAVE & ACCEPT