Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Min første sommarjobb var faktisk som jordbærseljar!

Det skriv NRK Super-profil Selma Ibrahim i ein e-post til Framtida. Ibrahim har blitt eit kjent fjes for barn og unge som programleiar i mellom anna Supernytt og MGP junior.

I sommar blir det derimot ikkje mykje tid i jordbærbua, for 26-åringen har fått «sommarjobb» til havs, som programleiar i NRK si sommarsending Sommerskuta. Ibrahim skal vere med på tokt med Noregs største seglskip, Statsraad Lehmkuhl, som i løpet av sommarvekene seglar frå nord til sør i landet.

Seglasen endar opp i Arendal, med Ibrahim bak roret, eller i alle fall mikrofonen.

Programleiarmatrosane for Sommerskuta 2021. FOTO: Silje Katrine Robinson/NRK

Men det aller første møtet med yrkeslivet for programleiaren frå Kolbotn var altså som jordbærseljar:

Korleis fekk du jobben?

– Vi hadde nokre naboar som dreiv med sal av jordbær og dei spurde om eg ville jobbe litt ein sommar.

Kva bestod arbeidsoppgåvene dine i?

– Arbeidsoppgåvene mine var å selje jordbær og morellar frå ei bod.

Hadde du sommarjobben i fleire år?

– Nei, det var berre ein sommar med jordbærsal. Men eg pleidde ofte sitte barnevakt om sommaren for naboar, og det elska eg!

Kva var det beste med jobben?

– Det beste med jobben var at eg følte meg ganske kul som i det heile tatt hadde ein jobb. Hehe, og så fekk eg ete så mykje jordbær eg ville.

Kva var det verste?

– Det verste var at eg aldri har vore særleg god i matte, så det å rekne ut hektoprisen for morellar var ikkje så lett. Trur det blei nokre ganske billige morellar for nokre heldige.

Norske jordbær. Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB

Kva var den største tabba du gjorde?

– Selde morellane altfor billig.

Kva lærte du?

– Blei kanskje litt betre i matte, hehe. Og så lærte eg å snakke med menneske eg ikkje kjende frå før!

Kven blei du kjend med?

– Folk som budde i nabolaget og dei som kom og kjøpte jordbær!

Kva brukte du pengane til?

– Det meste gjekk vel til godteri…


Espen Nakstad hadde sin første sommarjobb på bensinstasjonen på heimstaden. Han jobba på Skjetten Fina. Fina blei seinare Shell, så bensinstasjonen på biletet skal vere den same staden den assisterande helsedirektøren starta arbeidskarrieren. Foto: Bensinstasjoner i Akershus 2016-2017 i MiA Museene i Akershus via Digitaltmuseum lisens CC BY-SA, Finn Oluf Nyquist/Helsedirektoratet, kollasj Framtida.no