Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 25.02.2022 14:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag er Espen Rostrup Nakstad kjend som heile Noregs assisterande helsedirektør, som har leia folk gjennom koronapandemien.

Nakstad har doktorgrad i medisin frå Universitetet i Oslo og er spesialist i indremedisin og lungesjukdommar. Til vanleg, og før han blei fung.ass og seinare assisterande helsedirektør, arbeider han som forskar og overlege ved Oslo Universitetssjukehus. I tillegg er han utdanna jurist og har skrive lærebok om beredskap og kriseleiing.

Men hans første sommarjobb var langt unna helsesektoren. Vi har spurt den populære helsetoppen om hans første møte med arbeidslivet: 

Kva var din fyrste sommarjobb?

Min aller fyrste sommarjobb var å måle rekkehuset til foreldra mine, trur eg. Då var eg midt i tenåra.

Etter vidaregåande jobba eg nokre veker kvar sommar på den lokale bensinstasjonen i Skedsmo kommune der eg budde.

Korleis fekk du jobben?

Jobben på bensinstasjonen fikk eg fordi broren min jobba der. Når dei trengde fleire folk blei eg spurt om eg kunne hjelpe til nokre helger.

Alle må starte ein stad. No er Mari Boine ein prisløna artist med internasjonalt publikum – men då ho var ung jobba ho med å vaske rom på Skoganvarre camping. Foto: Privat/Gregor Hohenberg

Kva bestod arbeidsoppgåvene dine i?

Det var alt frå vanleg butikkarbeid til service og oljeskift på bilar. Vi var ganske allsidige og gjorde det meste som ein gjorde på bensinstasjonar den gongen. Vi plugga til og med punkterte bildekk.

Espen Nakstad jobba på bensinstasjonen Skjetten Fina. Illustrasjonsfoto: Bryankreutz 77 / Wikimedia Commons

Hadde du sommarjobben i fleire år?

Eg jobba nokre veker kvar sommar som student, men etter kvart mindre og mindre.

Kva var det beste med jobben?

Det var ein hyggeleg jobb fordi ein prata med kundar og kjentfolk kvar gong ein var på jobb.

Kva var det verste?

Å jobbe til seint på kvelden.

Kva var den største tabba du gjorde?

Den største tabba var nok å seie ja til å jobbe på varme sommardagar, då skulle eg ønske eg heller hadde vore på stranda.

Kva lærte du?

Eg lærte mykje om forskjellige menneske og ein god del om bilmotorar.

Kven blei du kjend med?

Eg blei kjend med jamgamle folk som jobba der, men eigentleg kjende eg dei fleste frå før.

Kva brukte du pengane til?

Eg trur eg brukte det meste i løpet av sommerferien.


Camilla Stoltenberg hadde sin fyrste sommarjobb då ho var 15. Etter ungdomsskulen tenkte ho å forsørge seg sjølv. Foto: FHI/Privat