Min fyrste sommarjobb: Mari Boine vaska på campingplass og forsov seg

Helene Hovden Hareide
Publisert
Oppdatert 04.08.2020 11:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Sinne på vegne av det samiske folket har vore ei viktig drivkraft i musikken til Mari Boine (64). Ho er fødd i Karasjok, men vaks opp i eit samfunn der samisk kultur var knytt til skam, og i ein heim der joik var forbode.

Gjennom karrieren sin har ho vore med på å lyfte samisk musikk frå ein marginalisert posisjon til ein levande del av verdsmusikken. Ho har vunne fire Spellemannsprisar, blitt utnemnt til Ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, og hausta internasjonal anerkjenning.

Men visste du at Mari Boine også er utdanna lærar, og har hatt ei stilling som professor II ved Høgskolen i Nesna? Vi stilte henne nokre spørsmål om møtet med arbeidslivet før musikk-karrieren tok av.

Kva var fyrste sommarjobben din?

Eg hadde min fyrste sommarjobb på Skoganvarre Camping. Då var eg 15 og eit halvt år. Campingplassen låg fint til ved ein nydeleg innsjø, og hadde gjestar frå heile verda.

Skoganvarre camping i Porsanger. Foto: Skoganvarre Camping

Korleis fekk du jobben?

Eg hugsar ikkje nøyaktig korleis eg fekk den, men det starta i alle fall med at veninna mi Anne og eg svara på ein stillingsannonse vi fann i Finnmark Dagblad.

Les også: Min fyrste sommarjobb: Bård Aasen Lødemel hadde kantklippar og ghettoblaster

Kva var arbeidsoppgåvene dine?

Eg serverte mat og drikke til turistar, og også ein del lokale som var innom. I tillegg vaska eg romma på campingplassen, og klargjorde dei for nye gjestar.

Hadde du jobben over fleire år?

Eg meiner å hugse at eg hadde denne jobben i to år på rad.

Ei ung Mari Boine på trappa heime i Karasjok.

Kva var det beste med jobben?

Å møte menneske frå heile verda! Eg var også glad for å få sjansen til å øve på engelsken, tysken og finsken min.

Mari i 1972, same året ho jobba på campingplassen. Skjørtet ho har på seg hadde ho laga i handarbeidstimen i 9. klasse. Foto: Privat

Kva var det verste?

All vaskinga …

Kva var den største tabba du gjorde?

Eg kan ikkje hugse noko stor tabbe … Det må vere ein gong eg forsov meg, så sjefen måtte kome og vekke meg opp.

Kva lærte du?

Språkevnene mine blei mykje bedre!

Kven blei du kjend med?

Eg blei kjend med mange unge menneske frå ulike land. Nokre av dei heldt eg kontakta med over fleire år gjennom brevveksling.

Kva brukte du pengane på?

På klede, sko, sminke, vesker … og bøker!

Camilla Stoltenberg hadde sin fyrste sommarjobb då ho var 15. Etter ungdomsskulen tenkte ho å forsørge seg sjølv. Foto: FHI/Privat