Ungdomspartia får mindre plass i media: – Fortener å bli tatt på alvor
Ungdomspartia fekk større plass i media i åra etter 22. juli 2011. Sidan har det gått nedover.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ifølgje tal frå medieovervakingstenesta Retriever som Framtida.no har henta inn, har ungdomspartia blitt stadig mindre omtalt i media etter stortingsvalet i 2013.
– Det vitnar om at saker som gjeld unge ikkje blir nok tatt på alvor, seier Isa Maline Isene, styreleiar for Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) til Framtida.no.
Etter terroråtaket 22. juli 2011 fekk ungdomspartia større plass i media, og dette haldt seg høgt til stortingsvalåret 2013.
Men i 2017 gjekk omtalen av ungdomspartia ned med nær 40 prosent samanlikna med stortingsvalåret 2013.
LES OGSÅ: Auka engasjement etter 22. juli
– Fortener å bli tatt på alvor
Etter 2018 har nedgangen haldt fram. Første halvår i år har omtalen av ungdomsparti gått ned med nær 13 prosent samanlikna med første halvår i 2017.
– Ungdomspartia er viktige aktørar i demokratiet vårt og fortener å bli tatt på alvor. Dei snakkar på vegner av unge som er dei som skal leva lengst med konsekvensane av politikken som blir vedtatt i dag, dei utfordrar moderpartia og dei engasjerer andre unge, seier LNU-leiar Isa Maline Isene.
– I ytste konsekvens kan det òg gå utover valdeltakinga blant unge. LNU meiner at både politikarar og media har eit ansvar for å engasjera unge veljarar og fokusera på saker som gjeld dei, avsluttar Isene.
Meir på TikTok og Insta enn i aviser
AUF-leiar Astrid Hoem seier til Framtida.no at alle medium bør vera medvitne på å ha med unge når dei lagar saker.
– Det er viktig at mediebildet representerer befolkninga. Både med unge og minioritetar, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.
– Har de merka at medieomtalen har gått ned dei siste åra?
– Me merkar at det er eit sterkt ungdomsengasjement i Noreg og synest ikkje omtalen har gått nedover. Me unge er nok meir til stades på Instagram og TikTok enn i avisene i dag.
LES OGSÅ: Forfattaren av Utøyakortet: – AUF har vore isolert politisk
Oppmodar media til å ringa ungdomspolitikarar
Talsperson for Grøn Ungdom, Hulda Holtvedt, vil gjerne snakka med fleire journalistar:
– Det eg tenkjer journalistar kan bli flinkare til, er å spørja fleire ungdomspolitikarar enn vaksenpolitikarar når det kjem ei sak dei vil skriva om, seier ho på telefon til Framtida.no.
LES OGSÅ: Medieanalyse: Klimadekninga nådde vendepunkt i 2019
– Koronaen har gjort det vanskelegare
Koronaåret 2020 er det året sidan 2011 at ungdomspartia har blitt omtalt minst. Omtalen gjekk då ned med 30 prosent sidan 2019.
– Eg opplever at det har blitt vanskelegare å nå fram i media, og tenkjer det har samanheng med koronasituasjonen, seier Andreas Brännström til Framtida.no. Han blei valt til formann i Framstegspartiets Ungdom (FpU) i 2020.
Unge Høgre-leiar Ola Svenneby er einig i at koronaen har gjort det vanskelegare.
– Ja, definitivt. Det har gjort det vanskelegare med all ungdomspolitikk, seier han. Alle ungdomspartia mista medlemmar i fjor.
I år er det FpU som har fått størst nedgang i omtalen, samanlikna med dei første seks månadene i valåret 2017. Ungdomspartiet til Frp opplevde ein nedgang i medieomtale på 43 prosent. Senterungdommen, Raud Ungdom og Unge Venstre er dei einaste som auka omtalen, med mellom 30 og 24 prosent.
Frå 2013 til 2017 var det berre Grøn Ungdom som fekk auka omtale i media. Då var auken knappe 15 prosent. I 2019 sette Grøn Ungdom ny rekord i medieomtale.
– Klimastreikane førte til all-time-high for oss, fortel Hulda Holtvedt.
LES OGSÅ: Kjernekraft i Noreg – uaktuelt eller uunngåeleg? Ungdomspartia er usamde
Denne artikkelen er ein del av det Fritt Ord-støtta prosjektet «Kven skal snakke for framtida?», i førekant av stortingsvalet. Har du tips til saker? Send ein e-post til tips @ framtida.no.