Medieanalyse: Klimadekninga nådde vendepunkt i 2019

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ein ny analyse har medieovervakaren Retriever sett nærare på omtala av klimasaka i norske medium åtte år bakover.

Konklusjonen er at 2019 vart eit vendepunkt.

– Det vi ser, er at omtala av klimamål, CO2-utslepp, klimatoppmøte – altså korleis ein skal løyse klimautfordringane – har vore ganske jamn frå 2012 til 2018, seier analysesjef Guro Lindebjerg i Retriever til NTB.

– Men når vi kjem til 2019, ser vi ei dobling i talet på oppslag i norske medium.

Overraskande utvikling

Alt i alt har Retriever registrert 25.406 oppslag om temaet i 2019, mot 12.420 året før.

Lindebjerg ser eit klart brot.

– Vi har hatt eit inntrykk av større trykk på det temaet i fjor. Men at det skulle vere ei dobling, det er eigentleg overraskande når utviklinga har vore såpass jamn seks år før det, seier ho.

Ifølgje henne er kategorien klima og miljø no blant dei fem mest omtalte temaa i norske medium, saman med sport, kultur og underhaldning, næringsliv og politikk.

Samtidig ser trenden ut til å halde fram inn i 2020. Talet på oppslag i januar låg høgare enn månadssnittet for 2019.

– Barn og unge har sett klima på dagsordenen

Sveinung Rotevatn. Foto: Venstre

Bakteppet er eit år prega av storstilt mobilisering for klimaet blant unge, leidd an av svenske Greta Thunberg (17) og den globale armeen hennar av skulestreikarar.

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) gleder seg over merksemda om temaet.

– Samtidig så trur eg ikkje dette hadde skjedd utan det kraftige engasjementet vi har sett blant barn og unge dei siste åra. Barn og unge har sett klima på dagsordenen, og media forstår dette, seier Rotevatn i ein kommentar til NTB.

Han oppmodar media til å halde fram med å skrive om klima i 2020.

– Dei må halde oss ansvarlege og utfordre oss når dei meiner at utsleppa ikkje går raskt nok ned, seier Rotevatn.

Global oppvarming, vindkraft og skam

Retriever har òg gjort ei oppteljing av talet på oppslag om «global oppvarming». Her auka talet med 55 prosent frå 2018 til 2019.

Talet på oppslag om vindkraft vart samtidig meir enn tredobla.

I tillegg har Retriever sett nærare på dei mange ulike kombinasjonane med ordet «skam» som dukka opp i media i fjor.

Lista er nærast uendeleg og dekkjer alt frå hytteskam til juleskam, shoppingsskam, mammaskam, baconskam og yogaskam – den siste varianten rett nok berre brukt éin gong i fjor.

Mest utbreidd var omgrepet flyskam, som vart brukt i 3.204 oppslag i 2019. Deretter følgjer kjøttskam, bilskam, oljeskam og klimaskam.

Men ikkje alle kombinasjonar er like skamfulle. Ord nummer seks på lista, med 98 oppslag, er åskam.

Erlend Skjetne er poet, lærar og brigdespelar – og skriv fast for Magasinett. Foto: Colourbox og privat