Ungdomspartia meir synlege i media etter 22. juli

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Framtida.no har samla tal frå mediedatabasen Atekst som viser at ungdomspartia får meir omtale i media enn før terroråtaket mot sommarleiren til AUF på Utøya i 2011.

I stortingsvalåret 2013 blei ungdomspartia nemnd 81 prosent fleire gonger enn fire år tidlegare. Omtalen av ungdomspartia har sidan gått ned, men held seg på eit noko høgare nivå enn før 22. juli 2011. I lokalvalåret 2015 blei ungdomspartia nemnd 13 prosent fleire gonger enn lokalvalet åtte år tidlegare.

– Eg trur folk flest har blitt meir opptatt av å lytte til ungdommar sine meiningar no enn tidligere. Personleg har eg trua på at eit samfunn fungerer best ved at alle aldersgrupper kjem til orde i det politiske ordskiftet, seier Bjørn-Kristian Svendsrud, leiar i Framstegspartiets ungdom (FpU).

LES OGSÅ: Auka engasjement etter 22. juli

– Blir tatt meir på alvor
Svensrud får støtte frå fleire av kollegaene sine i dei andre ungdomspartia.

– Eg trur ungdomspolitikarar i større grad blir tatt på alvor no enn dei gjorde tidlegare. Dette handlar nok også om at stadig fleire ungdomar engasjerer seg i politiske spørsmål, seier AUF-leiar Mani Hussaini.

– Men det er også viktig å påpeike at det framleis finst mange nedlatande haldningar overfor unge engasjerte menneske der ute, og det er vår oppgåve å bevise at desse menneska tar feil. Det er trass alt ungdom som er framtida, og då må unge menneske få høve til å vere med og forme han, seier Hussaini.

AUF-leiar Mani Hussaini (26). Foto: Runar Kjellstad Nygård/AUF

LES OGSÅ: Auke i valdeltakinga: – Media må vera forsiktige med å ta æra

– Framleis sett som mindre viktige
Andrea Sjøvoll, nyvalt leiar i Sosialistisk Ungdom, er samd.

 – Ungdom sine meiningar blir framleis sett på som mindre viktige enn vaksne sine, men røysta til ungdom har blitt tydelegare etter 22. juli. Ungdom har kravd å få si røyst høyrt, og me har sett at det funkar å engasjere seg, seier Sjøvoll.

Etter eit hopp den første tida etter terroråtaket på Utøya har medieomtalen av ungdomspartia normalisert seg, men på eit høgare nivå enn før. I 2015 fekk til dømes ungdomspartia 17 prosent fleire medietreff enn i 2007, som også var eit år med lokalval. I stortingsvalåret 2013 var medieomtalen nesten 82 prosent høgare enn i stortingsvalåret 2009.

KOMMENTAR: Høyr på Kongen – la ungdom få påverka

Større spelerom
Unge Høgre-leiar Kristian Tonning Riise er usikker på om ungdomspartia blir oppfatta annleis enn før, men meiner ungdomspolitikken har fått større spelerom.

– Den årlege ungdomspartileiardebatten under Arendalsuka, som blir sendt direkte på NRK, er eit døme på det. Eg opplever det også som at ungdom blir invitert med oftare i meir «vaksne» debattar, og ikkje berre i debattar mellom ungdom.

Tonning Riise peikar samstundes på at den auka synlegheita i media kan ha fleire årsaker enn berre 22. juli-terroren.

LES OGSÅ: «Fem år sidan me bestemte at kjærleiken skulle vinne over hatet»

– Det kan nok også vere eit resultat av ein ungdomsgenerasjon som er veldig «flinkis» på alle område. Det gjer kanskje at me oftare er politisk relevante enn før, men samstundes må me passe oss for ikkje å bli for like moderpartiet, seier Unge Høgre-leiaren.

LES OGSÅ: – Politikk blir mykje meir spennande og viktig når me får stemma

Talet på artiklar der ungdomparti er nemnd i norske medium (Atekst)

Faktaboks

• I 2009 hadde dei åtte største ungdomspartia til saman 21 439 medlemer
• I 2015 var det samla medlemstalet 27 489 (opp 28%)
• AUF har vakse mest, men også fleire av dei andre ungdomspartia har hatt stor vekst
• Andre ungdomsorganisasjonar utanom ungdomspartia har også hatt ein medlemsvekst på over 10 % frå 2009 til i dag

Medlemstal rapportert frå ungdomspartia 2015 (2009)

AUF: 14136 (9640)
FpU: 2028 (3031)
Grøn Ungdom: 658
KrFU: 1298 (1583)
Raud Ungdom: 503 (ca. 560)
Senterungdommen: 2044 (1029)
Sosialistisk Ungdom: 979 (2000)
Unge Høgre: 4262 (2796)
Unge Venstre: 1581 (800)