Frå 1. juli blir dette endra

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vi er halvvegs i 2021, og med det tek ei rekkje nye vedtak til å gjelde. Her er ei oversikt over noko av det som blir annleis frå 1. juli:

? BSU-pengar kan brukast til oppussing

Oppsparte midlar på BSU-konto kan no «benyttes til påkostninger og vedlikeholdsarbeid på egen bolig», har regjeringa bestemt i det reviderte nasjonalbudsjettet.

? Avgift på alkoholfrie drikkevarer (sukkeravgifta) blir avvikla

Endringa inneber at avgifta på ein liter brus blir redusert med 2,09 kroner når ein tek omsyn til at det er 15 prosent moms på alkoholfrie drikkevarer.

Sukkeravgifta blir fjerna 1. juli. Dermed blir brus billigare. Illustrasjonsfoto: Alexandra Nosova/Unsplash.com

? Fastrenta i Lånekassen stig

Den flytande renta held seg stabil, men dei tre fastrentene i Lånekassen går opp frå 1. juli. Den flytande renta er framleis på eit historisk lågt nivå på 1,421 prosent.

Rentesatsar frå 1. juli: 3 år: 1,795 prosent (opp med 0,039 prosentpoeng), 5 år: 2,149 prosent (opp med 0,079 prosentpoeng), 10 år: 2,609 prosent (opp med 0,098 prosentpoeng)

? Ny minstelønn

Tilsette i ni bransjar får nye lovfesta lønns- og arbeidsvilkår frå 1. juli. Dei aktuelle bransjane er byggfag, skips- og verftsindustrien, jordbruk og gartneri, reinhaldsbedrifter, fiskeindustribedrifter, elektrofag, godstransport på veg, persontransport med turbil og overnatting, servering og catering.

? Straffa for deling av nakenbilete eller valdsvideoar blir skjerpa

Personar som delar krenkjande eller openbert private bilete, filmar eller lydopptak av andre, kan frå 1. juli straffast med fengsel i inntil to år. Lovforslaget til regjeringa er vedteke av Stortinget og tek truleg til å gjelde 1. juli.

? Krav for elbilladar

I alle nye bygg må det frå 1. juli leggjast til rette for elbillading på parkeringsplassane knytte til bygget. Det betyr at det skal vere føringsvegar for elektrisk infrastruktur fram til der eit ladepunkt kan monterast.

? Nye elsparkesykkelreglar

Frå 1. juli kan det setjast opp parkeringsskilt, skilt om innkøyringsforbod og fartsgrenser som også gjeld for elsparkesyklar. Og sparkesyklistar kan få bot for å bryte reglane.

Det har vore fleire innstrammingar i regelverket for elsparkesyklar i det siste. Også 1. juli tek nye reglar til å gjelde. Foto: Geir Olsen / NTB / NPK

? 10-knopregelen blir fjerna

Regelverket for småbåtar blir mjuka opp slik at barn og unge mellom 12 og 16 år framleis får køyre båtar med inntil 10 hestekrefter, men no slepp dei å halde seg under 10 knop for å køyre lovleg.

? Fleire bomprosjekt blir avvikla

Dette var noko Frp fekk gjennomslag for i forhandlingane om revidert nasjonalbudsjett. Det blir sett av 713 millionar kroner til å avvikle desse bomprosjekt frå 1. juli:

  • Fv 255 Jørstad – Segelstad bru (Gausdal/Lillehammer, Innlandet)
  • E6/E18 Østfoldpakken (Østfold, Viken)
  • Fv 311 Presterødbakken (Tønsberg, Vestfold og Telemark)
  • Fv 34 Grime-Vesleelva (Dokka-Gjøvik, Innlandet)
  • T-sambandet (Karmøy-Tysvær-Haugesund, Rogaland)
  • Finnfast (Finnøy-Rennesøy, Rogaland)

⛴️ Ferjeprisane blir kutta med 25 prosent frå 1. juli

I utgangspunktet hadde regjeringa lagt opp til eit kutt på 10 prosent, men Frp fekk auka kutta til 25 prosent i forhandlingane om det reviderte budsjettet. Stortinget har vedteke at prisane skal halverast på sikt.

? Sysselmannen på Svalbard blir sysselmeister

Tittelen har vorte endra slik at han er no kjønnsnøytral.

♻️ Forbod mot eingongsplast

Frå 3. juli blir det forbode med bestikk, tallerkenar, sugerøyr, ballongpinnar, rørepinnar og bomullspinnar i plast, og dessutan matbehaldarar, drikkebeger og drikkevareemballasje av isopor.

Forbodet gjeld ikkje bomullspinnar og sugerøyr til bruk som medisinsk utstyr.