Regjeringa vil forby konverteringsterapi: – På ingen måte i mål, seier Morten Hegseth

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Regjeringa vil snart sende på høyring eit lovforslag om å forby konverteringsterapi. Dette er eit viktig og stort steg i rett retning.

Det sa statsminister Erna Solberg (H) på pressekonferansen torsdag, der regjeringa la fram sin nye handlingsplan mot diskriminering av LHBTIQ+.

Konverteringsterapi er eit eige innsatsområde i handlingsplanen, som til saman inneheld 46 tiltak på fem område.

– Det fråtek menneske fridom. Det utset menneske for så sterkt psykisk press at mange rett og slett mistar livslysta. Det øydelegg menneske sitt sjølvbiletet og fråtek mange sjølvrespekten. Utført i religion sitt namn, gjerne gjennom religiøse ritual og som negativ sosial kontroll, er det destruktivt for individet som vert ramma, sa kulturminister Abid Raja (V) om konverteringsterapi.

Stemte ned forbodsforslag i 2019

Diskusjonane har lenge gått om eit forbod mot konverteringsterapi, òg kalla homoterapi. Praksisen finn stad i religiøse miljø og kan ta form av samtalar eller meir fysiske former for «behandling» der målet er å endre ein person si legning eller kjønnsidentitet.

Både Arbeidarpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne fremma forslag om å forby konverteringsterapi i 2019, men vart stemde ned i Stortinget. I staden for gjekk alle partia, med unntak av KrF, inn for å greie ut eit forbod.

På pressekonferansen sa Solberg at regjeringa i 2020 sette i gong ei juridisk utgreiing, som no har enda opp i lovforslaget som vert sendt på høyring.

Samstundes fortalde statsministeren at handlingsplanen vil legge opp til  kunnskapsutvikling, slik at ein får betre oversikt over omfanget av konverteringsterapi i Noreg og korleis det føregår.

– Regjeringa vil kome tilbake med eit lovforslag som vi stiller oss bak, men vi må få lov til å diskutere akkurat korleis vi lovregulerer sjølve forbodet.

Kulturminister Abid Raja (V) sa på pressekonferansen at han forstår at mange har vore utolmodige i påvente av eit forbod, men at det er viktig at forarbeidet er grundig.

– Som jurist og politikar så er eg oppteken av å vareta, og det er regjeringa òg, både ytringsfridomen, religionsfridomen, men det er òg viktig å vareta menneske. Den balansen meiner eg vi skal klare å få i land når dette lovforslaget skal sendast ut på høyring, sa Raja.

Kultur- og likestillingsminister Abid Raja presenterer regjeringa sin nye handlingsplan mot diskriminering på bakgrunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og kjønnskarakteristika.
Foto: Hanna Johre / NTB

Morten Hegseth: – Vi er på ingen måte i mål

Morten Hegseth, som sette homoterapi på dagsordenen då han i 2019 laga ein VGTV-serie med same namn, sa til VGTV i etterkant av pressekonferansen at ein på ingen måtar er i mål med dette forslaget.

– Det som er litt bekymringsverdig er at måten dei omtalar det på er med veldig, veldig vage termar. Dei vil finne ein måte å gjere det forbode på, men vi er på ingen måte i mål. Ein treng ikkje vere politisk geni for å skjønne at dette her handlar om ein måte å møte KrF på deira motargument, sa Hegseth til VG.

Morten Hegseth sette homoterapi på dagsorden i serien «Homoterapi», der han mellom anna konfronterte statsminister Erna Solberg om saka. Skjermdump: VGTV

Hegseth reagerer på at barne- og familieminster Kjell Ingolf Ropstad, som òg er KrF-leiar, ikkje møtte på pressekonferansen, men at utviklingsminister Dag Inge Ulstein heller var der.

– Det er eit tydeleg signal om at mannen med stor makt i regjeringa på akkurat dette området, han orkar ikkje eingong stille, og det er ganske betenkeleg, sa Hegseth.

Til VG presiserer Erna Solberg at utviklingsministeren var med på pressekonferansen fordi årets Pride har eit internasjonalt tema, og at KrF ikkje er mot eit forbod mot konverteringserapi.

Fryktar berre dei mest brutale formene vert forbodne

Hegseth trur lovforslag som vert lagt fram berre vil forby dei mest bestialske formene for homoterapi, som gay camps og fysiske udrivingar.

– Vi må òg hugse på at med ein gong ein aktivt går inn som autoritet, som eit vaksent menneske, overfor nokon andre og seier at eg skal befri deg frå homofile kjensler, då er du i gong med homoterapi, seier Hegseth og held fram:

– Det er innmari viktig at også det dei då så pent kallar sjelesorg – men som i utgangspunktet er overgrep – også vert gjort forbode, slik at ikkje mørkemenn som sit i absolutt alle krikar og krokar av landets kristne og andre religiøse samlingar kjem til å halde fram med homoterapi med godt samvit.


Les også saka: Xheni vert truga på livet fordi ho vil at lesbiske skal verte anerkjende som mødrer

Xheni Karaj kom ut som lesbisk på nasjonal TV, fordi ho ikkje orka vere taus lenger. Foto: Privat