Her er dei nye reglane for bruk av elsparkesyklar

Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) har innført nye reglar som skal gjelda for dei som brukar elektrisk sparkesykkel.

Marte Husabø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Framtida Junior, der du òg kan lese om kvifor jenter gjer det betre på skulen enn gutar.

– Elsparkesyklane er blitt veldig populære. Samtidig er det ei rekkje utfordringar knytt til bruken av dei. Derfor gjer me no nokre endringar i regelverket, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide i ei pressemelding.

Frå og med 18. mai kjem det ei rekkje endringar du må vita om, dersom du har planar om å susa av gårde på ein elektrisk sparkesykkel i sommar.

Dette er dei nye reglane

  • Du kan få parkeringsbot viss sykkelen ikkje blir parkert skikkeleg.
  • Det er berre lov å vera ein person på elsparkesykkelen om gangen. Du kan få 3000 kroner i bot dersom det er fleire personar på sykkelen, og både politiet og Statens vegvesen får moglegheit til å gi ut bøter.
  • Det skal setjast opp skilt der det ikkje er lov til å køyra eller parkera.
  • Det er ulovleg å køyra fortare enn 6 km/t når ein køyrer forbi fotgjengarar på fortau, gangveg eller i gangfelt.

– Eg er glad for at me raskt får på plass desse endringane i regelverket. Kommunane får no moglegheit til å handtera feilparkeringar, dei kan laga soner med eigne fartsgrenser, parkerings- og bruksforbod, seier Hareide.