Regjeringa opnar for å bruke BSU-pengar til oppussing

Regjeringa vil gjere det mogleg å bruke BSU-pengar til oppussing av bustad.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det kjem fram i samband med revidert nasjonalbudsjett.

– Regjeringa føreslår at midlar på konto for bustadsparing for ungdom (BSU) ikkje berre skal kunne brukast til kjøp av bustad, men også til oppgradering og vedlikehald av bustaden, skriv regjeringa.

Praksisen opnar allereie for at nokre slike kostnader kan dekkjast i inntil fem år etter bustadkjøpet.

– No blir tilgangen lovfesta, han blir gjord generell, og det blir ikkje stilt krav til tidsmessig samanheng med sjølve bustadkjøpet, skriv regjeringa.


Leiar i Senterungdommen, Torleik Svelle, reagerer på at unge ikkje får skattefridrag for å spara til gard, på same måte som ein gjer med bustadsparing i BSU. Foto: Privat