Unge Høgre blir trekt i støtte for å ikkje ha kontroll på pengane: – Nokon ting har gloppe

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lova ungdomspartiet er skulda for å bryte skal motverke korrupsjon og «uønska koplingar», og sørgje for å hindre utenlandsk påverknad på norsk politikk.

Det var Bergens Tidende som omtalte saka først. I avisa si leiarspalte 16. juni blir Unge Høgre skulda for å kunne svekke tilliten til politiske parti, å ha ei slapp haldning til retningslinjene og å ikkje ta revisjonen alvorleg.

No er det klart at partiet blir trekt 40.000 kroner i statleg partistøtte, etter vedtak frå Partilovnemnda.

Fekk gratis middagar og utanlandsturar

Generalsekretær i Unge Høgre, Mille Johanne Christensen, innrømmer at partiet ikkje har ført bidraga slik dei skulle. Foto: Unge Høgre

Partiet har motteke fleire bidrag som burde vore rapportert inn som valkampbidrag i valåret 2019, men ikkje er det.

For eksempel har Norsk olje og gass dekt 22.000 kroner for at sju ungdomspolitikarar fekk besøke Aker Kværner på Stord, og Industri Norge betalte 19.000 kroner for ein «industritur» til Nord-Noreg.

– Det er nok riktig at det burde ha vore rapportert inn som valkampbidrag, sa generalsekretær Mille Johanne Christensen i Unge Høgre til Framtida før vedtaket var klart.

I mars var nestleiaren ei veke i Libanon på NORAD si rekning, noko som skulle vore innrapportert som «anna offentleg støtte», men ikkje var det.

– I 2019 hadde me ikkje gode nok rutinar for dette. Me har no stramma inn rutinane internt for å sørgje for at det ikkje skjer igjen.

– Folk skal kunne vite kor pengane kjem frå

Det var i ein rutinekontroll gjort av Partirevisjonsutvalet at lovbrota hjå Unge Høgre vart oppdaga. Revisjonsutvalet bistår Partilovnemnda med å sjå til at dei politiske partia i Noreg følgjer Partilova. Derfor gjer dei anna kvart år rutinekontrollar av eit utval norske parti på kommune-, fylkes- og nasjonalt nivå.

– Me jobbar med at det skal vere openheit rundt finansering av politiske parti. Kva dei brukar pengar på er ikkje så nøye for oss, men folk skal kunne vite kor pengane kjem frå, seier Daniel Giske, sekretariatsleiar i Partilovnemnda.

Partilova skal sikre openheit rundt finansering av politiske parti, og sørgje for at veljarane veit kor partia får pengane sine frå. Det er nemleg strengt forbode å motta pengar frå statlege organ, anonyme gjevarar og frå utanlanske aktørar. I valår skal i tillegg alle bidrag og gåver over 10.000 kroner meldast inn særskild, for at folk skal vite kven partiet har fått gåver av inn mot valet.

– Prinsippet er at eg og du skal vite kven som har gitt støtte til partia når me stemmer, forklarar Giske. 

Kravet om openheit gjeld også når støtta kjem i form av for eksempel flybillettar, hotellopphald eller middagar, som det i saka med Unge Høgre gjer. Partilova opnar elles for at politiske parti kan motta gåver frå kven som helst.

Blir trekt i støtte

Generalsekretær Mille Johanne Christensen seier Unge Høgre har stramma inn internt etter at lovbrota vart oppdaga.

– Mykje er allereie retta opp. Sjølvsagt ønsker me å halde oss innanfor partilova, men det er nokon ting som har gloppe der me ikkje har klart å fange opp at det skulle vore rapportert inn som valkampbidrag. Det er sjølvsagt noko me skal jobbe for at ikkje skjer igjen, seier ho på telefon til Framtida.no.

Partilovnemnda har no vedteke at den statlege partistøtta til Unge Høgre i 2022 blir avkorta med 40.000 kroner. Summen tilsvarar den manglande innrapporteringa av bidraga frå Industri Energi og Norsk olje og gass.

«Partileddet har selv ansvaret for manglende kunnskap om regelverket og sviktende interne rutiner. Som et av våre største ungdomspartier har Unge Høyres Landsforbund så store ressurser til sin rådighet at det bør være i stand til å oppfylle lovens krav», heiter det i vedtaket.

– Det får vere opp til Partilovnemnda å avgjere. Nokon av tinga burde vore meldt inn, og det tek me fullt og heilt ansvar for, sa Christensen i Unge Høgre før vedtaket blei kjent.

Ho ville ikkje seie noko om kor vidt ungdomspartiet kjem til å godta eventuelle reaksjonar på det Partilovnemnda meiner er ulovleg utanlansk støtte.

– Me må sjå kva dei seier før me ser kva me gjer, sa ho då.

Unge Høgre, AUF og Grøn Ungdom braut lova i 2019

I vedtaket frå Partilovnemnda blir det òg trekt fram at det ikkje er første gong Unge Høgre får sanksjonar for å bryte lova.

I 2020 var det klart at tre ungdomsparti braut lova då dei hausten før takka ja til ein sponsa tur frå selskapet NorthConnect, som ønsker å byggje kraftkabel mellom Skottland og Noreg.

Sidan det er er politisk usemje rundt kraftkabelen, vil ein slik tur kunne oppfattast som «smøring» og politisk påverknad. Fordi NorthConnect er eigd av offentlege selskap og kommunar, blir turen rekna som offentleg støtte – og var dermed ulovleg når ungdomspartia ikkje innrapporterte han.

Ungdomspartia sa i etterkant at dei ikkje var klar over at slike turar måtte innrapporterast, og bad om ei oppklaring i korleis lova skal tolkast, noko dei seinare fekk. Dei måtte alle betale tilbake summen på 15.000-20.000 kroner, og Unge Høgre vart i tillegg trekt 35.000 kroner i den årlege partistøtta fordi dei ikkje tilbakebetalte det ulovlege bidraget innan fristen.

Oppklaring av misforståingar er i alle si interesse

– Det kan godt hende lova bør vere tydelegare, svarar Christensen på spørmål om det bør bli gjort noko med lovverket når fleire parti har brote den ufrivillig dei siste åra.

– Om ting kan misforståast, meiner eg det er bra det blir sendt ut informasjon. Det er i alle si interesse.

I mai 2020, året etter lovbrota, publiserte Revisjonsutvalet ei tolkingsuttaling der dei presiserer korleis lovverket skal bli forstått. Giske forklarar at tolkingsuttalingar er noko dei kjem med for å oppklare lovverket dei gongane det kan framstå som uklart.

– Opplever du det som har skjedd i Unge Høgre si sak er misforståingar eller bevisste brot på lova? 

– Det tek me ikkje stilling til. Me registrerer først og fremst at innrapporteringa ikkje gjort, seier Giske, og seier det også ligg ei viss læring for partia i hendingar som dette.

– Unge Høgre seier dei har stramma inn rutinene no? 

– Det vil vise seg, på lik linje med alle andre parti. Me ser framover i tid.


Les også intervjuet med førstegongsveljarane Tonje (18) og Sofie (17): – Ein blir jo meir engasjert når ein har moglegheit til å stemme

Sofie Husseini (17) og Tonje Marie Halmrast (18) skal stemme for første gong ved Stortingsvalet til hausten, og meiner skule og klima er dei vikitgaste sakene. Foto: Kristiane Bøgwald.