Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

To sirklar; den eine inni den andre. Så enkel er «smultring-modellen» Kate Raworth teiknar på tavla når ho føreles for studentar, aktivistar, økonomar og politikarar.

Modellen skal illustrera den store, kollektive oppgåva samfunnet står overfor i det 21. hundreåret: å gi alle sjansen til å leva gode liv, utan å øydeleggja planeten.

Den indre sirkelen representerer «det sosiale golvet»: mat, helse, fridom, tryggleik og det andre menneske treng for å kunna leva eit verdig liv. Den ytre sirkelen representerer «det økologiske taket»: kor mykje naturen toler av påverknad utan å koma ut av balanse.

Oppgåva er, meiner Raworth, å få samfunnet inn «det trygge og rettvise rommet» mellom den indre og ytre sirkelen – inn i sjølve smultringen.

Smultringen verda rundt

Den britiske økonomen og aktivisten lanserte modellen først i 2012. Seinare utdjupa ho ideen i boka Doughnut Economics. Men først det siste halvåret, når koronapandemien har tvunge fram ein naudsynt tenkepause om korleis samfunnet er retta inn, har smultringen verkeleg byrja å rulla.

I april vedtok bystyret i Amsterdam å leggja smultringmodellen til grunn for den framtidige byutviklinga; politikarane i København vart inspirerte til å gjera eit liknande vedtak i juni. Og Brussel og Dunedin har nettopp vedtatt å prøva ut smultringmodellen.

Vedtaka har fått mykje merksemd, og fleire er venta å følgja etter. I desse dagar blir «Doughnut Economics Action Lab (DEAL)» lansert, ein global plattform for folk som vil gjera ideane i smultringmodellen til røyndom.

I sykkelhovudstaden Amsterdam skal smultringmodellen liggja til grunn for politikken. Foto: Jace & Afsoon, Unsplash.com

Sjølve ideane er ikkje nye. Me finn igjen mange av dei i FN sine 17 berekraftmål og det etter kvart slitne omgrepet «berekraftig utvikling». (Om det berykta smultringforma FN-jakkemerket er inspirert av Raworths modell er uvisst, men ho fortel i alle fall at ho presenterte modellen sin i FN då berekraftmåla var under arbeid.)

Dei 17 berekraftmåla til FN blir ofte presenterte som ein ring. Foto: Wikipedia

Grøne, feministiske og andre «alternative» skuleretningar har lenge tatt til orde for nyorientering i økonomifaget, medan urgamle filosofiar og religionar har peikt på at verdiar som måtehald og rettferd må balansera kortsiktig eigennytte.

Kate Raworth bakar med kjente ingrediensar. Det nye er forma ho gir dei. Som ho seier, er det ein sanning i klisjeen om at eit bilete seier meir enn tusen ord: Figurar, modellar og symbol alltid spelt ei viktig rolle i tenkinga vår, frå det japanske «yin og yang» via Galileo si teikning av solsystemet til vår tids mange varemerke. Inspirert av desse gjer smultringen målet om ei leveleg framtid for alle – innanfor planeten sine grenser – synleg og handgripeleg for oss.

Rundt og rundt, ikkje opp og opp

Smultringmodellen gir oss ikkje ei ferdig oppskrift på korleis verda bør sjå ut, men ei oppgåve å løysa og eit mål å streva etter. Han korrigerer målet om økonomisk vekst som Raworth meiner har dominert diskusjonar om politikk og økonomi i altfor lang tid.

Raworth poengterer at økonomisk vekst verken er bra eller dårleg i seg sjølv: Det kan hjelpa land med dekka det sosiale grunnlaget for alle, men det kan også gå ut over jorda si bereevne. Ho meiner derimot at vekst ikkje bør vere målet for økonomien eller politikken. Brutto nasjonalprodukt (BNP) kan gå opp utan at du eller dei rundt deg blir betre i stand til å leva eit godt liv. Det seier heller ikkje noko om kor godt naturen blir forvalta.

Kate Raworth på eit lunsjføredrag i Nederland. Foto: Arbeid & Milieu, CC-lisens

Me treng difor ein betre målestokk for framsteg i samfunnet. Dette er eit poeng ein kan vera einig i anten ein er for eller mot økonomisk vekst.

Smultringmodellen peikar ut eit mål; han fungerer også som eit verktøy for å vurdera i kva grad ulike samfunn når opp til målet. Så langt ser det ikkje bra ut. Då ei gruppe forskarar i 2018 undersøkte data frå nesten 150 land, fann dei at alle saman bryt gjennom det sosiale golvet, det økologiske taket, eller begge to.

Med forskarane sine ord: «Ingen land møter dei grunnleggjande behova til sine borgarar med eit globalt berekraftig ressursforbruk.»

Korleis kjem me oss inn i smultringen? Modellen gir ikkje definitive svar. Raworth peikar på nokre viktige område for endring, som å gjera produksjonen av varer og tenester meir «sirkulære» og omfordelande, for å unngå uheldige sideverknader som forureining og ulikskap.

Men målet er viktigare enn vegane dit; dei kan vera ulike og oppe til debatt. Ei klar forståing av kor ein skal er uansett avgjerande for å koma på rett spor.

Kva er du kapabel til?

Smultringmodellen har mykje til felles med ein teori som filosofen Martha C. Nussbaum og økonomen Amartya Sen har utvikla over dei siste tiåra: kapabilitetsteorien. Kapabilitetar handlar om kva du er kapabel til; kva du er i stand til å vera eller gjera.

Nussbaum listar opp ti sentrale kapabilitetar ho meiner må vera tilgjengelege for alle: liv, helse, kroppsleg integritet, tenking og førestilling, emosjonell utvikling, praktisk fornuft, leik og fritid, sosial tilhøyrsle, tilknyting til natur og miljø, og politisk og materiell kontroll.

Lista fangar opp mykje av det same som ligg i smultringen til Raworth. Begge teoriane peikar på nokre viktige gode som er prioritert høgare enn eit mål om stadig økonomisk vekst, eller mest mogleg materiell likskap.

Teoriane deler også eit anna vesentleg trekk. Dei definerer vilkåra for menneskeleg velferd objektivt, framfor å basera seg på målingar av «subjektiv velvære».

Subjektiv velvære blir målt gjennom spørjeundersøkingar der folk skal svara på kor nøgde dei er med livet sitt, alt i alt. Den filosofiske inspirasjonen for slike målingar kjem frå utilitarismen: ein retning innan etikken som seier at handlingar er gode om dei fører til best mogleg konsekvensar, definert som «mest mogleg lykke for flest mogleg». Det finst fleire som har tatt til orde for å erstatta brutto nasjonalprodukt med eit mål om «brutto nasjonal lykke».

Nussbaum og Sen er blant dei mange som har kritisert utilitarismen. Ein viktig kritikk handlar om at folk er påverka av forholda dei lever under når dei vurderer si eiga velferd. Målingar av subjektiv velvære kan dermed tilsløra underliggande urettferder i samfunnet.

«Høgt heng dei, og sure er dei». Illustrasjon til fabelen om reven og rognebæra. CC-lisens

Den norske samfunnsforskaren Jon Elster har illustrert problemet med hjelp av Esop si fabel om reven og dei sure rognebæra. Reven ser ei fristande rogn i vegkanten, men når ikkje opp til greinene der bæra heng. Til sist gir han opp. Han slår seg til ro med at bæra sikkert ikkje var noko gode likevel: «Høgt heng dei, og sure er dei».

Lykka må følgja rettferda

Ei gruppe sosialpsykologar ved New York-universitetet har nyleg gjennomført tre store studiar som illustrerer problemet Elster peika på. Dei samla inn svar frå 20 000 deltakarar frå 23 ulike land.

Resultata viser at kvinner som meiner at kjønnsdiskriminering er eit problem i samfunnet deira, har ei lågare subjektiv velvære enn dei som meiner det ikkje finst kjønnsdiskriminering. Forskjellen er størst i land der forskjellane mellom kjønna er størst. Forskarane konkluderer med at det å nekta for diskriminering er ein mekanisme for å få det betre i eit samfunn som reelt sett er diskriminerande.

I staden for å prøva å endra systemet, er det enklare å endra sine eigne oppfatningar om situasjonen – slik reven endra meining om rognebæra når han ikkje fekk tak i dei.

Slike funn fører er med på å forklara kvifor Nussbaum og Sen meiner at subjektiv velvære ikkje kan vera målet for politikken. Subjektiv velvære kan nemleg auka, samstundes som urettferd i samfunnet blir sementert. Kapabilitetsteorien, og smultringmodellen, krev derimot rettferd i form av at dei grunnleggjande goda blir sikra for alle på mest mogleg like vilkår; lykka må følgja rettferda, ikkje motsett.

Smultringmodellen supplerer kapabilitetsteorien med ei rikare forståing av økologisk rettferd og samanhengen mellom menneskeleg velferd og miljø. Viktigast er utgangspunktet dei har til felles: sårbarheitene me deler i kraft av å vera eit menneske blant andre på ei avgrensa jord ein stad i universet. Det er mykje som skil oss, men det er meir me har til felles. Det burde liggja til grunn for politikk og samfunnsutvikling på 2020-talet og forbi.

Artikkelen er ein del av ein artikkelserie om korleis demokratiet kan utvidast og utviklast vidare. Har demokratiet nådd toppen av utviklinga si no, eller kan det opnast for endå meir deltaking? Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.

LES OGSÅ: Kan ei borgarforsamling visa vegen ut av klimakrisa? Seks av ni ungdomsparti er positive

Til venstre: Tyske klimaaktivistar demonstrerer utanfor Siemens sitt aksjonærmøte på grunn av selskapet sine bindingar til kolindustrien. Ifølgje plakaten til høgre vil dei erstatta aksjonærmøte med borgarforsamlingar.(Peter Kneffel/dpa via AP) Til høgre: alle ungdomspartileiarane.