Rullestolbrukarar blir sjeldnare innkalla til jobbintervju

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 25.04.2021 20:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ein ny studie frå Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved Oslomet som viser at rullestolbrukarar sjeldnare blir innkalla på jobbintervju.

Studien viser at sannsynet for å bli innkalla til jobbintervju er 22 prosent for søkjarar utan funksjonsnedsetjingar og 12 prosent for rullestolbrukarar.

Prosjektleiar Elisabeth Ugrenigov. Foto: OsloMet

Med andre ord blir rullestolbrukarar innkalla til halvparten så mange jobbintervju som andre.

– Vi ønskte å gjennomføre dette forskingsprosjektet fordi det er ein stor forskjell i yrkesdeltaking mellom funksjonshemma og befolkninga elles. Det er eit tap for samfunnet om personar ikkje blir likt behandla, både fordi det er tap av arbeidskraft og fordi det er eit tap for individet, seier Nova-forskar og prosjektleiar Elisabeth Ugreninov.

Forskar Vegar Bjørnshagen. Foto: OsloMet

Vegar Bjørnshagen er ein av forskarane bak studien. Han peikar på at forskjellar i yrkesdeltaking mellom grupper i arbeidslivet ofte har vorte forklart med faktorar som gjeld individa sjølv:

– Ofte blir underrepresentasjon av funksjonshemma forklart med at dei manglar kompetanse eller at funksjonsnedsetjinga påverkar evna til å utføre ein jobb. Studien vår understrekar at det òg er viktig å setje søkjelys på i kva grad funksjonshemma som faktisk har kvalifikasjonane på plass, blir vurderte som aktuelle arbeidstakarar, seier han.

 


Les også: CRPD på Stortinget: «Likestillingsministeren søv på jobb»

NHFU-leiar Marianne Knudsen spør om kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V) har gløymt at han òg er likestillingsminister for personar med nedsett funksjonsevne. Foto: Privat, Ilja C. Hendel/Kulturdepartementet, Stortinget