Kven er dei unge arbeidsledige som ikkje går på skule?

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rundt sju prosent av unge nordmenn i alderen 15 til 29 år er verken i arbeid eller i utdanning. Dei er utanfor yrkesliv og studiekvardag, men er heller ikkje ein del av det aukande talet uføretrygda.

Kven er desse unge menneska og kvifor har dei hamna i denne situasjonen?

Forskning.no skriv fredag om to vitskaplege artiklar som skal freiste å gje svar på dette spørsmålet.

Vanskelege å finne

Vigdis Sveinsdottir er forskar ved Norwegian Research Centre (NORCE), og er hovudforskaren bak artikkelen Young adults at risk of early work disability: who are they?

Ifølgje Forskning.no fortel ho at ungdom som er på veg ut i uføretrygd kan vere vanskelege å finne. Difor er kriteria i denne studien at ungdommane har vore i kontakt med Nav, at dei får stønader på grunn av nedsett arbeidsevne og skal inn i skjermande tiltak.

Dette fører også til at det i studien er nokre mørketal om ein ungdom som er utanfor arbeidsliv og utdanning vert forsørga av foreldra og ikkje er innom Nav, så vert han/ho heller ikkje plukka opp.

Les også: 86 000 unge står utanfor både arbeid og utdanning

Fleirtalet har opplevd mobbing

Sveinsdottir og kollegaane har studert 96 personar. Gjennomsnittsalderen var 24 år, og 68 prosent var menn.

Resultata frå studien var at:

  • 66 prosent hadde opplevd mobbing
  • 39 prosent hadde opplevd vald
  • 53 prosent meldte om risikoprega alkoholbruk
  • 52 prosent hadde psykiske helseplager, og det var meir utbreidt hjå kvinner

Vidare syner artikkelen at mange har lese- og skrivevanskar, og har heller ikkje fullført vidaregåande skule.

Slit med sosiale relasjonar

Forskarane peikar på at det mest oppsiktsvekkande er at mange seier dei har problem med sosiale forhold, og dei oppgjev at dette er årsaka til sjukdom.

– Det dreier seg om isolasjon, einsemd, mangel på omsorg og tap av vennskap, fortel Sveinsdottir til Forskning.no. 

Vidare nemner dei unge deltakarane også helseårsakar, genetiske årsakar og ulike miljøfaktorar som forklaringar på kvifor dei har falle utanfor.

Artikkelen konkluderer med at funna belyser behovet for eit breiare fokus på psykiske og sosiale faktorar i tiltak retta mot å få unge tilbake i yrkeslivet.

Samstundes oppmodar artikkelen til vidare forsking på kjønnsforskjellane i resultatet – kanskje trengst det kjønnsspesifikke tiltak?

Les også: Jobbhuset skal gi ein «kickstart» ut i arbeidslivet

Dei skulle teke seg saman

Også doktorgradsarbeidet til Gro Hilde Ramsdal har teke føre seg ungdom som er i fare for å aldri kome seg inn på arbeidsmarknaden. Ho leverte avhandlinga si ved Universitetet i Tromsø i haust.

Ramsdal har intervjua 17 ungdomar som ikkje har fullført vidaregåande skule, og som har vore utan fast arbeid og utdanning i to til fem år etter at dei slutta.

Ho stilte dei spørsmåla: Kva hende då, og korleis forstår du livssituasjonen din no?

Fråfallselevane svarar at dei trur årsakane til at dei slutta på skulan var problem med teori eller at dei ikkje møtte opp.

– Dei tek heile og fulle ansvaret sjølv, seier Ramsdal til Forskning.no.

Då forskaren analyserte intervjua med fråfallselevane, dukka derimot noko anna opp: dei nemnde stadig vanskelege relasjonar. Den same problematikken som i studien til Sveinsdottir.

Les også: Ingeborg (16) mista motivasjonen på skulen. Så møtte ho nokon som forandra alt

Fråværande foreldre og lærarar

Endå Ramsdal også finn at mobbing har vore eit utbreidd problem hjå intervjuobjekta, så er det store fellestrekket ved gruppa at dei alle har eit fråvær av stabile vaksne over tid.

Det gjeld både heime og på skulen – dei har opplevd foreldre som ikkje er til stades og lærarar som ikkje støttar dei.

Denne faktoren er også ein viktig skilnad frå den andre gruppa Ramsdal intervjua i sitt avhandlingsarbeid. Forskaren intervjua også høgskulestudentar som sleit med å kome seg igjennom vidaregåande, men klarte det. Kva var utslagsgjevande for at dei makta å fullføre?

Høgskulestudentane fortalte at lærarane har spelt ei viktig rolle – dei hjelpte med både fag og motivasjon. Samstundes har foreldra hatt eit meir ressurssterkt nettverk. Fråfallseleven har «berre hatt ho mamma», og ein forelder klarte ikkje hamle opp med alle utfordringane åleine.

Les også: Raud Ungdom-leiar Linn-Elise Øhn Mehlen (26) var ein «dropout»