Yrket mitt: Fredrik (33) er aksjemeklar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Exit har nok vore med på å skape nokre feiloppfatningar av yrke i finans. Dei eg kjenner i yrket er personar som ønskjer å hjelpe kundane, har stor interesse for finans og brukar mesteparten av tida si til jobb.

Det fortel Fredrik Brekke (33) på e-post til Framtida.no. Arbeidskvardagen aksjemeklaren frå Bergen skildrar er ikkje særleg lik den som vert synt fram i NRK-serien.

Fann draumejobben på Finn

Fredrik Brekke fortel at han alltid har likt å jobbe mot kundar, og at då han byrja å studere vekte det ei interesse òg for finans.

– Denne interessa auka med tida under studiet, og eg fann ut at draumejobben min måtte vere i eit meklarhus. Ettersom eg visste at eg ønska å jobbe mot kundesida, så var aksjemeklar ei stilling som eg trudde ville passe meg bra.

Brekke utdanna seg til å verte siviløkonom og i 2016, rett etter han var ferdig med mastergrada si i finans, fann han ei stilling som aksjemeklar i DNB på Finn.no. 33-åringen søkte og landa jobben.

– Utdanninga gav meg ei grunnforståing med det eg gjer i dag, men då eg gjekk ut av studiet var eg ikkje i nærleiken av å vere utlærd eller å kunne nok, minnest Brekke og legg til:

– Det er også det som er kjekt med å jobbe i finans, dagane varierer med det som skjer i resten av verda.

Lange dagar

– Eg forventa at det ville vere mykje å setje seg inn i og lange dagar. Det vart det absolutt, og eg måtte bruke mykje tid på å skaffe meg mine eigne kundar.

Aksjemeklaren byrjar på jobb klokka halv åtte om morgonen, og har då morgonmøte med DNB-meklarar både i Noreg, Sverige og i London.

– Deretter byrjar eg å utforme morgon-e-posten som eg sender til kundar, der eg trekker fram ting som har skjedd i marknaden sidan dagen før. Her legg eg ofte med anbefalingar på aksjar eg vil kjøpe, eventuelt selje.

Den norske marknaden opnar klokka 9, og då byrjar ting å skje. Då lyt Brekke ringe rundt til kundar som skal handle med aksjar.

Frå klokka 10:30 og utover går mesteparten av tida med til å lese nyheiter og analysar og snakke med kundar, heilt til den amerikanske marknaden opnar klokka halv fire. Då byrjar aktiviteten å ta seg opp att fram til børsen stenger klokka 16:25.

Foto: Bjørn Erik Pedersen/Wikimedia Commons/CC BY 3.0

Sjølv om Oslo Børs er stengd for dagen er ikkje Fredrik Brekke alltid heilt ferdig med arbeidet.

– Ofte har vi ein emisjon på kveldstid og dermed vert det å snakke med kundar fram til klokka 20:00-21:00, fortel han.

Emisjon handlar om at eit selskap hentar inn frisk kapital ved å skrive ut nye aksjar.

Stadig fleire unge aksjonærar: – Du kjem til å ta feil

Dei siste fem åra har talet på unge mellom 18-29 år som investerer i aksjar auka med nesten 200 prosent, ifølgje NRK.

Askjemeklar Fredrik Brekke rår unge til å lære seg finans før dei startar å handle med eigne pengar, og å gjere grundig forarbeid før ein investerer:

– Ikkje berre høyr på kva andre seier, forstå kva du kjøper. 

Vidare rår aksjemeklaren unge til å bruke stop loss, som minner deg på å selje aksjen om han fell for mykje i verdi:

– Du kjem til å ta feil, då gjeld det å avgrense tapa dei gongane du tek feil, seier Brekke.

Får kjapt vete om du har gjort rett eller gale

Noko av det mest utfordrande med å vere aksjemeklar er at ein lyt leggje hovudet på blokka og kome med tilrådingar til kundane om kva aksjer dei skal skaffe seg eller kvitte seg med.

– I aksjemarknaden får du svar på om du har teke rett eller gale veldig fort. Så du må vere ærleg med deg sjølv og innrømme når du har teke feil, fortel Brekke.

– Kva er det beste med jobben?

– Må nok vere det at ein følgjer med på verdsnyheiter med eit heilt anna syn, og ein får innblikk i korleis økonomien endrar seg. I tillegg likar eg det å snakke med kundane mine.

Det mest utrulege som hender askjemeklaren på jobb er alle dei spennande personane han får møte undervegs, samt hyggelege kundemiddagar og kundeturar.

Renomme er viktig

Fredrik Bekke fortel at å jobbe som akskjemeklar nok passar særleg for dei som er utadvende, likar finans og er konkurransemenneske.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Ta ein master i finans, prøv å få deg jobb i eit av dei store meklarhusa. Ditt renomme er alt i denne jobben.

– Kva draumar har du for framtida?

– Ønskjer eigentleg å berre halde fram å jobbe der eg er og halde fram å utvikle meg sjølv.


Kristian Kirkeland vart gravferdskonsulent, medan han samla tankane etter ein trøblete vidaregåandeperiode. Foto: Privat. Kollasj: Framtida.no

Fredrik Brekke

Alder: 33

Frå: Bergen

Yrke: Aksjemeklar

Utdanning: Siviløkonom