Regjeringa vil gjere høgare utdanning meir tilgjengeleg
Regjeringa vil opne utdanningssystemet og gjere det meir fleksibelt. Målsetjinga er å gjere det slik at fleire får moglegheit til å ta utdanning.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Statsminister Erna Solberg (H) meiner at teknologisk utvikling, digitalisering og det grøne skiftet vil føre til at enkelte jobbar forsvinn, og dessutan at nye kjem til og at arbeidsoppgåver endrar seg.
– Det stiller ikkje berre auka krav til formell kompetanse, det stiller òg krav til ny kompetanse hos dei som allereie har utdanning i botn. Derfor legg regjeringa fram ein strategi for å gjere utdanning meir tilgjengeleg, seier ho i ei pressemelding.
Distriktsprogram
Strategien inneber mellom anna etablering av eit nytt distriktsprogram.
– Det nye distriktsprogrammet vil gi regionale aktørar moglegheita til å søkje om støtte til å få utvikla dei utdanningstilboda dei treng saman med ein fagskule, høgskule eller universitet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H).
Regjeringa ønskjer òg å halde fram med å gjere ordningane i Lånekassen meir fleksible, slik at dei er betre tilpassa folk i ulike livssituasjonar som skal ta utdanning.
Tilgjengeleg der folk bur
Etablering av heildigitale utdanningstilbod er òg eitt av punkta i den nye strategien, ifølgje pressemeldinga.
– Dette handlar om å sørgje for at utdanningstilbod er tilgjengeleg for folk der dei bur og lever. Når fleire må ta litt meir utdanning gjennom heile yrkeslivet, så må utdanningane vere tilpassa kvardagslivet deira med familie og jobb heilt uavhengig av om dei bur på Grünerløkka eller i Båtsfjord, seier Asheim.