Bruken av sovemedisin har dobla seg blant ungdom
For ti år sidan brukte 1,6 prosent av norske ungdommar mellom 15 og 19 år reseptbelagde sovemedisinar. I fjor hadde talet meir ein dobla seg.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
3,7 prosent av ungdom bruker no middel fått av lege for å kunne sove betre, skriv NRK. Enkelte sovemiddel vart 1. januar 2020 reseptfrie.

Børge Sivertsen er seniorforskar hjå Folkehelseinstituttet. Foto: FHI
Det finst ikkje ei enkel forklaring på auken, men søvnforskar Børge Sivertsen ved Folkehelseinstituttet (FHI) peikar på to moglege forklaringar.
– Det har nok vorte ei større openheit rundt søvnproblem. Fleire får behandling for det. Men så har nok òg terskelen vorte litt lågare for å skrive ut sovemiddel, seier Sivertsen.
- Les også intervjuet med forfattar Anders Bortne, som har slite med å sove i 17 år: – Vi har aldri tatt omsyn til søvn som samfunn
Problematisk
Han fortel vidare at FHI ikkje er udelt positive til at sovemedisinbruken i denne aldersgruppa aukar. Det er ein alder der søvnen blir endra mykje.
– Det er problematisk at ein byrjar å medisinere denne aldersgruppa i så stor skala, seier han.
Han meiner òg at mange sovemiddel kan vere vanedannande.
– Det står jo på dei fleste pakningane at bruk over nokre få veker skal unngåast, opplyser forskaren.
- Les også om familien som bruka oransje briller for å sove betre om natta: – Mange veit ikkje at løysinga kan vere å skjerme seg frå blått lys om kvelden, fortel forskar Tone Elise Gjøtterud Henriksen