Har slite med å sove i 17 år: – Vi har aldri tatt omsyn til søvn som samfunn

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– I natt har eg sove under gjennomsnittet dårleg, seier Anders Bortne.

Klokka er halv elleve på formiddagen. Det er på denne tida han byrjar å merke at har fått for lite søvn. Bortne sit ved eit kafébord og summerer opp siste natta.

– Eg la meg i senga rundt tolv, stuptrøytt, vakna i halv totida, og innsåg at eg ikkje hadde sove ordentleg. Eg stod opp og sette meg i stua, såg på tv, sovna, og vakna cirka klokka 6 frå lett søvn, dyvåt av sveitte. Det er eit veldig dårleg teikn, seier Bortne.

I boka «Søvnløs, tusen våkenetter og en løsning» fortel han opent om livet med insomni. Men i mange år heldt han søvnproblema tett til brystet. For kva om folk ville tenke at det låg andre problem bak?

Over 17 år med insomni

Da Bortne var i slutten av tjueåra, flytta han til hovudstaden for å jobbe. Han hadde hatt søvnlause netter i periodar før òg, menplutseleg var han vaken i fleire døgn.

– Eg vart liggande vaken tre netter i strekk og kunne ikkje forstå kva som hadde skjedd.

Det tok lang tid før han byrja å sjå på det som eit helseproblem og oppsøkte lege, og enda lengre tid før han fann ein metode som hjelpte.

No har han hatt søvnproblem i over 17 år og har for lengst forsona seg med diagnosen kronisk insomni. Diagnosen deler han med om lag 15 prosent av befolkninga.

Ein av dei vanlegaste helseplagene

Ein person med kronisk insomni har problem med innsovning eller oppvakning minst tre netter i veka over tre eller fleire månader. Personen opplever funksjonsnedsetting på dagtid og fungerer dårlegare i jobb.

I følge Folkehelseinstituttet er det ei av dei vanlegaste helseplagene i alle aldersgrupper. Og talet aukar, også blant ungdommar.

Undersøkingar frå fleire land viser at 1 av 3 har søvnvanskar kvar veke. I Noreg har over halvparten av dei som har oppsøkt fastlege, store søvnvanskar.

Nesten 60 prosent av dei som lir av insomni, oppsøker aldri hjelp, og framleis er bruk av medikament vanlegast i behandling, trass i at kognitiv åtferdsterapi (KAT) har betre og meir varig effekt.

Alt verkar invaderande

Dårleg eller for lite søvn kan påverke både humør, konsentrasjonsevne og yteevne.

– Du vil berre vere for deg sjølv og ha fred og ro når du er søvnlaus. Du vil sleppe. Eg er ein veldig sosial person, så det er ein høg pris å betale, seier Anders Bortne.

Når han får lite søvn, forandrar sanseinntrykka seg.

Eg er ein veldig sosial person, så det er ein høg pris å betale

– Alt verkar invaderande. Høge lydar, brå bevegelsar. Alt blir ein trussel. Og intimsona blir veldig mykje større. Eg kan skvette av ein lastebil som er langt unna. For hjernen klarer ikkje å sortere sanseinntrykka, forklarer han.

Bortne gnir seg i auga.

– Når eg har sove lite, kan det òg utløyse lengre periodar der eg berre er nedfor.

Lite kunnskap

Da Bortne etter fleire år gjekk til legen med problemet, fekk han sovepiller, men ikkje ein diagnose. Pillene hjelpte ei lang stund, men slutta etter kvart å verke.

Da han endeleg forstod at han hadde ei alvorleg søvnforstyrring, prøvde Bortne psykolog, yoga, han prøvde urter, meditasjon, akupunktur og alt han kom over av tips.

Til slutt fann han hjelp i Søvnskolen ved Lovisenberg Diakonale sjukehus i Oslo, der han lærte eit konkret sett med rutinar som skulle hjelpe han til å sove. Han må stå opp og legge seg til same tid kvar dag, fram til han kan justere leggetida, og om han ligg vaken må han stå opp.

Etter at boka kom ut, har han fått mykje respons frå andre søvnlause og pårørande.

– Eg trudde heile tida at alle andre søv godt. Den store overraskinga var at så mange tok kontakt og sa «det er akkurat sånn eg har det».

– Og ingen andre visste heller om metoden som eg fekk vite om, seier han.

Foto: Beate Haugtrø / NPK

Ikkje godkjent for sjukmelding

Sjølv om Folkehelseinstituttet beskriv insomni som ei av dei store folkehelseutfordringane i dag, er ikkje diagnosen godkjent for sjukmelding. Problemet er difor lite synleg i sjukestatistikken.

– Det er veldig underdiagnostisert, ein får ofte ein annan diagnose, som utbrent eller deprimert, seier Børge Sivertsen, professor og seniorforskar ved FHI.

– Burde det vere ein godkjent diagnose?

– Ja, når insomni er den reelle årsaka til at folk ikkje klarer å stå opp, blir det feil å gi dei ein annan diagnose. Eg trur vi hadde tatt problemet meir på alvor dersom det hadde vore meir synleg, seier Sivertsen.

Han minner om at vaksne, på same måte som små born treng å roe ned hjerneaktiviteten før dei skal sove.

– At vi har informasjon og internett tilgjengeleg når som helst, same kor vi er, er lite søvnvennleg, seier han.

Tabu med lur

Ved kafébordet sit ein trøytt mann. Han meiner vi lever i eit samfunn som set underhaldning og effektivitet framfor søvn.

– Vi har aldri tatt omsyn til søvn som samfunn. I Spania har ein siesta. Etter at sonen min slutta med luren i barnehagen, er det tabu å gå og legge seg midt på dagen, seier Bortne.

– Det handlar om å skåne oss sjølve frå teknologien og den fridomen vi har. Men også å skape lommer for søvn i skole og jobb. At ein kan få starte seinare, eller at kvile er tillate, seier han.

 

Lyst å lese om fleire tabu? Dona Johannessen (26) let håret gro: – I mitt tilfelle er ikkje det å la vere å shave noko statement.

Fakta Anders Bortne (f.1973)

  • Musikar, serieskaper og forfattar
  • Har gitt ut både romanar og noveller, og er aktuell med si første sakprosabok, «Søvnløs – tusen våkenetter og én løsning» på Tiden forlag.