Stadig fleire barn får sovemedisin: – Løysinga kan vere å skjerme seg frå blått lys

Janne Nerheim
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Blått lys påverkar oss menneske. Nokre blir veldig påverka, medan andre ikkje merkar det så godt, seier Tone Elise Gjøtterud Henriksen. Ho er forskar og overlege på Valen sjukehus i Kvinnherad kommune, og har fått stor merksemd for forskinga si internasjonalt.

Familien Gjøtterud Henriksen nyttar oransje briller to timar før leggetid for å fjerne det blå lyset frå omgjevnadane. Det gjer dei for å sove betre om natta.

Fotballkometen Erling Braut Haaland har tidlegare uttalt til VG at han nyttar oransje spesialbriller i restitusjon. Han gjer det for å sove betre, og for å få mindre slitasje på kroppen.

Har brukt oransje briller halve livet

August, sonen til Tone Elise Gjøtterud Henriksen, har nytta dei oransje brillene sidan han var 8 år gamal.

– Med dei oransje brillene kan eg sitje med mobilen i senga med godt samvit. Då veit eg at det ikkje går utover helsa mi, seier August Gjøtterud Henriksen (16).

Når han tek brillene på rundt klokka 20, klarar han sjeldan å halde seg vaken lenger enn til klokka 22.

– Eg tek brillene av etter eg har lukka augene og lyset i rommet er sløkt. Eg har det også heilt mørkt i rommet, fortel han.

Auka bruk av sovemedisin

Det var 22 537 barn og unge under 20 år som fekk sovemedisin i 2018 og 24 637 som fekk det i 2019. Det har vore størst auke i aldersgruppa 0-4 år og 10-14 år.

– Vi kan ikkje seie at desse tala berre handlar om det blå lyset frå skjermbruk, då det ikkje er forska på skjermvanane til barn og unge som får sovemedisin. Men det er veldig sannsynleg at det heng saman, seier Gjøtterud Henriksen.

Ho er også bekymra for at tala viser at mange legar skriv ut medisinen melatonin til barn og unge. Melatonin som tablett er ikkje godkjent for barn og unge.

Lite informasjon frå legen

– Eg trur mange ikkje får god nok informasjon frå legen sin om at dei kan styrke søvnrytmen sjølv, seier forskaren og legg til:

– Mange veit ikkje at løysinga kan vere å skjerme seg frå blått lys om kvelden.

På sjukehuset oppdaga Tone Elise Gjøtterud Henriksen at dei oransje brillene hjelper pasientane til å bli mykje betre.

– I auga sit det ei celle som tek imot det blå lyset, og som gir signal til hjernen om at det er dag. Då blir kroppen aktivert. Dersom dette lyset blir fjerna, oppfattar hjernen at det er heilt mørkt, sjølv om det ikkje er det. Då blir kroppen roleg, fortel ho.

Daniel Spjeld. Foto: The Human Aspect og Matias Hagen