Fleire enn før har valt vidareutdanning framfor arbeid i koronaåret
Statistisk sentralbyrå (SSB) slår i ein ny artikkel fast at det stort sett har gått greitt for nyutdanna studentar å kome seg inn på arbeidsmarknaden også i koronaåret.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Då landet stengde ned i fjor var 38.000 studentar i innspurten av grada si ved norske universitet og høgskular. Korleis har det gått med dei det siste året?
Fleire enn før vel vidareutdanning
Tal SSB har samla inn viser at fleire studentar med fullført bachelorgrad eller fagutdanning i koronaåret har valt å gå direkte til vidare studium framfor å byrje å arbeide.
Vanlegvis tek over halvparten av studentar eitt eller fleire år studiepause mellom bachelor- og masterutdanning. Før koronapandemien gjekk 38 prosent av studentane direkte til ein master, medan det hausten 2020 var 42 prosent. Auken på over fire prosentpoeng kallar seniorrådgjevar Øyvind Bolsgård i SSB for signifikant.
– Det er ei synleg endring at så mange fleire har valt å gå direkte til vidare studium framfor å søkje seg ut på arbeidsmarknaden, seier han på telefon til Framtida.no.
Fleire sysselsette i helsesektoren
SSB har også sett på korleis det har gått med sysselsettinga det siste året. I helse og sosial er auken i talet på sysselsette blant dei nyutdanna merkbar. Men, ein såg ein liknande auke også frå 2016 til 2018, så pandemien treng ikkje å vere einaste årsak, påpeikar Bolsgård:
– Forskjellane er for små til å kunne slå fast at korona åleine er årsaka, men det er i iallfall ein generell trend at fleire som er utdanna innanfor helse og sosial også får jobb i den sektoren.
- Les også om arbeidskvardagen som sjukepleiar: Yrket mitt: Ragnhild (24) er sjukepleiar
I serverings- og overnattingsbransjen har det vore ein nedgang i talet på sysselsette, noko som ikkje kjem som ei overrasking i eit såpass nedstengt år.
Tala viser likevel at det stort sett har gått greitt for nyutdanna studentar å kome seg inn på arbeidsmarknaden også i koronaåret. Seniorrådgjevar Bolsgård er glad for at folk har kome seg i jobb.
– Det er godt å sjå at sysselsettingsgrada framleis er omtrent like bra som tidlegare år, seier han.
Koronaåret har altså ikkje gitt dei heilt store utslaga i sysselsettinga i Norge, og dei fleste nyutdanna – iallfall dei med ein høgare grad – har kome seg i arbeid omtrent som normalt.
Lurar du på korleis det er å arbeide som språkteknolog, farmasøyt eller postbod? Les folk fortelje om yrket sitt her!