Yrket mitt: Per Erik (37) er språkteknolog

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg opplever ofte at eg må forklare ein del når eg fortel kva eg driv med, fortel Per Erik Solberg på e-post til Framtida.no.

37-åringen frå Oslo arbeider som språkteknolog i Språkbanken hjå Nasjonalbiblioteket. Eit yrke han trur dei færraste veit eksisterer.

Som lingvist er Solberg veldig oppteken av språk, men som språkteknolog får han òg pleie interessene for teknologi og programmering.

– Eg er dessutan mykje i kontakt med utviklarar i IT-bransjen som brukar våre ressursar, og eg synest det er stimulerande og meiningsfylt å hjelpe dei til å lage betre språkteknologi for norsk.

Det er arbeidet Solberg gjer som dannar grunnlaget for at datamaskiner skal kunne kjenne att både «høtt», «koffor», «kaleis» og andre dialektord.

Analyserte aviser og bloggar

Heller ikkje Per Erik Solberg visste at det var språkteknolog han skulle ende opp som, då han tok til på lingvistikkstudia. Men då han hadde levert masteroppgåva si i Tromsø i 2011, fekk han ei prosjektstilling i Språkbanken.

– Då bestod jobben i å lage grammatiske analysar av setningar frå blant anna aviser og bloggar, og legge dei inn i ein database. Denne databasen kan mellom anna verte brukt til å lage verktøy for grammatikkontroll, forklarar Solberg.

Dagane gjekk med til å analysere setningar grammatisk, og samstundes lærte Solberg ein del programmering.

Som språkteknolog kjem utdanningsbakgrunnen frå teoretisk lingvistikk, med spisskompetanse i språk og grammatikk, godt med, men programmeringsbiten er òg ein stor del av jobben.

– Det har eg måtta lære meg i arbeidslivet og på fritida.

Frå Google til Språkbanken

Seinare, etter at han hadde fullført ei doktorgrad hjå UiO, vart Solberg tilsett eit år som lingvist hjå Google. Då Nasjonalbiblioteket lyste ut ei fast stilling som språkteknolog i 2019 var ikkje Solberg vanskeleg å be:

– Eg hadde fleire gongar tenkt at eg ville kome tilbake til Språkbanken og Nasjonalbiblioteket, for eg syntest det var ein hyggeleg og spennande arbeidsplass.

Kontrastane er store frå det digre, internasjonale IT-konsernet til vesle Språkbanken.

I Google var han omgjeven av mange folk med kompetanse på språkteknologi og programmering, men i Språkbanken er det i større grad opp til han sjølv å finne gode løysingar og lære det han ikkje kan frå før av.

– No jobbar eg blant anna mykje med talegjenkjenning, som var eit felt eg ikkje kjende så godt til frå før, og det har vore svært spennande å setje seg inn i det.

Det er omfattande arbeid å lage uttaleordliste. Foto: Nasjonalbiblioteket

Dialektliste

– Det meste av tida mi går med til å leie arbeidet med å leggje til dialektar i uttaleordlista for talegjenkjenning, fortel Per Erik Solberg.

Frå heimekontoret har han digitale møte, der dei tilsette diskuterer norske dialektar og kva for dialekttrekk som er relevante å ha med i lista. Ordlista inneheld til no heile 570.000 nynorske ord, med tilhøyrande maskinlesbare, fonteiske transkripsjonar og oppunder 800.000 bokmålsord.

Ressursane vert delte fritt på nettsidene til Språkbanken, slik at IT-ressursar som lagar språkteknologi – som til dømes talegjenkjenning, maskinomsetjing eller søkjeverktøy –  kan laste dei ned og bruke dei til å lage betre språkteknologi for norsk.

Slik vert det billegare og enklare for andre føretak å satse på norsk, og på sikt kan òg dei med andre dialektar enn austlendingane diktere til mobiltelefonen sin.

– Eg programmerer også ein del, og les korrektur på kode som kollegaar skriv. I tillegg til det har eg kontakt med brukarar av ressursane våre og eksterne samarbeidspartnarar, legg Solberg til.

Det er ikkje sikkert tale til nynorsk-roboten blir sjåande slik ut. Fotomontasje: Beate Haugtrø

Motiverande

Det er likevel ikkje berre-berre å skulle lage ressursar som er så nyttige som mogeleg for språkteknologien.

Per Erik Solberg fortel at det kan vere utfordrande å setje seg inn i ulike typar teknologi og prøve å finne ut korleis Språkbanken kan lage ressursar som passar dei ulike bruksområda.

– Dette er det ofte ikkje openberre svar på. Samstundes er det veldig lærerikt og spennande å prøve å finne ut av dette.

– Kva er det beste med jobben?

– Det beste med jobben er at eg kan bruke det eg kan om språk og IT til å lage ressursar som det er bruk for. Eg synest det er svært motiverande å vete at folk har bruk for dei ressursane vi lagar og at dei bidreg til at det vert meir og betre språkteknologi på norsk.

Skaff deg andre ferdigheiter

Per Erik Solberg fortel at han tviler på at språkteknolog er ei stilling mange vurderer når dei tek til å studere. Han trur nok fleire vel studium etter kva dei interesserer seg for no enn kva dei skal jobbe med ein gong i framtida.

– Slik er det nok for dei fleste av oss som har studert lingvistikk: Vi er interesserte i språk og grammatikk og valde utdanning, men spesialiserer ein seg i eit litt smalt felt, er det lurt å skaffe seg nokre andre, meir yrkesretta ferdigheiter i tillegg.

– Kven passar yrket for?

– Yrket mitt passar for lingvistar som kan ein del IT, som meg, eller for informatikarar som kan ein del om lingvistikk. Kollegaane mine høyrer stort sett til i éin av desse to kategoriane.

– Kva draumar har du for framtida?

– Eg likar veldig godt å jobbe med språk og teknologi og vil gjerne fortsetje med det. Eg håpar òg å kunne forsetje å programmere mykje på jobb. Programmering er kreativt og spennande arbeid, synest eg.


Bakgrunnsfoto frå Blindern av Alexander K. Lykke, André Nilsson Dannevig og Julian Kirkeby Lysvik. Pressefoto frå Beforeigners nytta i collage av høvesvis: Eirik Evjen/HBO Nordic og Lukas Salna/HBO Nordic

Per Erik Solberg

Alder: 37

Frå: Oslo 

Yrke: Språkteknolog i Språkbanken på Nasjonalbiblioteket. Leier for tida arbeidet med å leggje til fleire dialektar i ei uttaleordliste for talegjenkjenning, slik at talegjenkjenningssystema på PC-ar og mobiltelefonar skal verte betre på å forstå brukarar som ikkje kjem frå austlandet.

Utdanning: Mastergrad og doktorgrad i teoretisk lingivstikk. Forska på refleksivpronomen  («seg»/«sin»/«seg selv»), særleg på latin, i doktorgrada.