Yrket mitt: Max (24) er postbod

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det å få seg jobb var som å få eit fjell løfta av skuldrene, fortel Max Wilhelm Bjerke til Framtida.no.

24-åringen frå Skedsmo hadde fullført sine to år på matfag og eitt år med påbygg, men sleit med å finne seg lærlingplass etter vidaregåande.

Kvar dag han sat heime utan ein jobb å gå til, tenkte han «kjem eg til å klare dette?». Løysinga skulle kome i 2017, då broren gav nummeret hans til sjefen sin i Posten, som ringde for å tilby han ei stilling som postbod.

– Eg var heime i nesten halvtanna år utan arbeid. Difor tok eg første mogelegheita eg fekk til å kome meg ut i arbeidslivet.

Fysisk krevjande arbeid

Sidan Max Bjerke hadde ein bror som arbeidde i Posten, så visste han litt kva yrket kom til å innebere:

– Eg trudde det kom til å verte lange dagar og tungt arbeid.

Og det fekk han rett i.

24-åringen fortel at han trur mange meiner det å arbeide i Posten er lett arbeid, men sanninga er motsett: Det er fysisk krevjande.

Det er mykje post å bere i løpet av ein dag, og med tunge pakkar og hundrevis av brev, så kjenner ein det i armane når arbeidsdagen er over.

Dårleg vêr og julepost

Som postbod arbeider ein ulike vakter frå dag til dag, men særleg måndag til onsdag er lange dagar.

– Eg møter opp på arbeidsplassen og får mine arbeidsoppgåver. Dagen inneberer levering av brev, pakkar og reklamar i forskjellige ruter, fortel Bjerke.

Max Bjerke leverer posten ved hjelp av ein Paxster. Foto: Håvard Jørstad

Etter å ha plukka ut posten som skal på hans rute, pakkar han det inn i køyretøyet sitt og legg i veg. Bjerke er eit av postboda som leverer med Paxster, ein elektrisk firehjuling.

– Vi kjem ofte inn til pause halvvegs gjennom og tek med resten av posten, supplerer Bjerke.

Det mest utfordrande i arbeidskvardagen er dagar det er mykje post som skal ut, og dagar då vêret ikkje spelar på lag.

Og særleg i jula er det mykje å gjere som postbod:

– Arbeidet er mykje meir hektisk når det er kome til juletida. Då skal alle få julekorta sine, og butikkane skal få ut tilboda sine i reklamar og slikt, forklarar Bjerke.

Då vert arbeidsdagane lenger, og fleire folk lyt kome inn som vikarar for å sikre at alle får pakkane og julehelsingane sine til julaftan.

Allereie i november kunne NRK melde at Posten planla for historisk mange pakkar fram mot jula i år, og måtte hente inn 600 ekstra medarbeidarar til terminalar og på sjåførsida.

Posten i ei omstillingsfase

– Det beste med jobben er å ha fridom under ansvar, fortel Max Bjerke.

Når han ikkje køyrer, kan han setje på litt musikk medan han leverer posten frå hus til hus.

– Kven passar yrket for?

– Yrket passar for dei som ikkje er redde for fysisk arbeid, likar å møte folk og ikkje har noko mot all slags vêr, fortel 24-åringen.

Han tipsar ungdom som vil arbeide i Posten om å sjekke heimesidene, for der vert det ofte lyst ut nye stillingar. Samstundes har han ei lita åtvaring til komande posttilsette:

– Posten har vore gjennom ei stor omstilling som sannsynlegvis ikkje er ferdig endå. Dette kan bety at det er få faste stillingar.

Han viser til omleggingane i Danmark, der dei no berre får besøk av postbodet ein gong i veka. Allereie har Posten i Noreg gått frå å levere kvar vekedag til annankvar dag.

– No reknar eg med at eg har jobb dei neste åra, men det kan sjå ut som ein etterkvart må finne seg noko nytt, seier Bjerke.

Politijakt på gokart

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Eg observerte ein gong ei politijakt på ein gokart.

På postruta si hadde Max Bjerke lagt merke til ein gokart han køyrde forbi. Nokre timar seinare, då han hadde pause, høyrde han sirener og plutseleg såg han gokarten suse forbi med politiet i hælane.

– Det var ganske snålt. Ein sjeldan vri, seier 24-åringen.

– Kva draumar har du for framtida?

– Ein trygg jobb med god økonomi, avsluttar Max Bjerke.


Halldis Folkedal ville heim til Vestlandet, og la kulturkarrieren på hylla til fordel for å køyre tog! Foto: Halldis Folkedal/Flickr

Max Wilhelm Bjerke

Alder: 24 år

Frå: Skedsmo

Utdanning: To år matfag, og eitt år påbygg

Yrke: Postbud