Barn av høgt utdanna foreldre presterer betre i skulen: – Det er mange ting som spelar inn

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Utdanningsnivået til foreldre har betydning for kor godt elevar i grunnskulen presterer, viser ein ny artikkel frå SSB.

– Det er mange ting som spelar inn, seier førstekonsulent Ola Nestvold Grendal i SSB på telefon til Framtida.no.

Inga utjamning dei siste ti åra

Ola Grendal i SSB fortel at det ikkje har skjedd noko særskilt utjamning av prestasjonsnivået mellom ulike elevgrupper dei siste ti år. Foto: Torbjørn A. Tjernsberg

– Artikkelen viser først og fremst at det ikkje at skjedd noko særleg med forskjellen mellom gruppene i perioden 2009-2019, fortel Grendal.

Sjølv om det generelle tendensen er at prestasjonsnivået blant elevane stig, har det stige tilnærma like mykje i begge gruppene, medan forskjellen mellom dei forblir den same.

– Der det er ein auke i prestasjon verkar han å vere lik for alle gruppene.

SSB gjorde ei liknande undersøking i 2014 som slo fast ein liknande tendens, nemleg at utdanningsnivået verkar å «gå i arv» frå foreldre til barn. Den same undersøkinga viste blant anna også at 80 prosent av gutane som går yrkesfag og har foreldre med lågare utdanning ikkje fullfører vidaregåande på normert tid.

Les også: Mina (27) som droppa ut av studia to gongar – med heimeundervisning fekk ho toppkarakter

Ein av fem på lågaste meistringsnivå

Nasjonale prøvar er meint å gje informasjon om grunnleggande kunnskapar i eit fag, og skal brukast til å tilpasse læringa til kvar enkelt.

Blant norske åttandeklassingar hamnar éin av fem med foreldre med ingen utdanning eller grunnskuleutdanning på det lågaste meistringsnivået på dei nasjonale prøvane i matematikk. Hos elevar med foreldre utdanna på vidaregåande skule-nivå var talet halvert, medan heile 95 prosent av elevane med universitets- eller høgskuleutdanna foreldre får høgare resultat.

Ser ein på standpunktkarakterar er forskjellen også størst i matematikkfaget, der heile 1,5 karakterar skil dei to gruppene.

SSB understrekar at artikkelen berre viser observasjonar og ikkje seier noko om direkte årsakssamanhengar mellom foreldre sitt utdanningsnivå og barn sine skuleprestasjonar.


Les også: SV-politikar Solveig Skaugvoll Foss (24) har ikkje god nok mattekarakter til å bli lærar – vil skrota firarkravet

SV-politikar Solveig Skaugvoll Foss (24) er vara på Stortinget og jobbar på Aktivitetsskulen (AKS), men har ikkje god nok mattekarakter til å kome inn på lærarutdanninga. Foto: Privat