FHI: Opp til kommunane å vurdera om munnleg eksamen kan gjennomførast

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Før helga gjekk seks kommunar i Grenlandsområdet ut og sa at dei hadde avlyst munnleg eksamen for tiande trinn på grunn av ei heilskapsvurdering som handla om både smittevern og pedagogiske omsyn. Skulebyråden i Oslo vurderer òg å avlysa munnleg eksamen for både tiande trinn og vidaregåande.

I eit intervju med NTB måndag gjekk kunnskapsminister Guri Melby ut og sa at det berre er mogleg å avlysa munnleg eksamen viss det er uforsvarleg å gjennomføra utifrå smittevern.

Melby bad kommunane søka råd frå Folkehelseinstituttet.

– Viss dei seier at i denne kommunen kan de ikkje gjennomføra eksamen no av smittevernomsyn, så er det greitt å avlysa, seier Melby til NTB.

LES OGSÅ: Fylkesordførarar ber Melby avlyse munnleg eksamen

FHI gjev råd, men kommunane bestemmer sjølv

FHI gjev råd til kommunar som ønsker det, inkludert spørsmål om smittevern på skular.

Tone Bjordal Johansen er seniorforskar ved FHI. Foto: FHI

– Me har kapasitet til å rådgi dei kommunane som treng det. Me deltar i diskusjonen og gir råd, men det er kommunane sjølv som tar avgjerslene om kva tiltak som må setjast i verk i den enkelte kommunen utifrå ei heilskapsvurdering, skriv Tone Bjordal Johansen, seniorforskar frå FHI til Framtida.no på epost.

– Erfaringa tilseier at kommunane tar gode avgjersler, og at dei i stor grad reflekterer dei punkta og tiltaka me har diskutert, legg ho til.

LES OGSÅ: Elevrådsleiar er uroa for at elevar vil føle seg nøydde til å møte sjuke på eksamen

FHI kan ikkje avlysa eksamen

Johansen understrekar at FHI ikkje har mynde til å avlysa eksamen, men kan delta i diskusjonar rundt utbrotssituasjonar og handteringa av desse kan få konsekvensar òg for eksamen.

– Det er viktig for elevane å gjennomføra planlagt munnleg eksamen. Likevel kan det vera situasjonar der mange er i karantene eller isolasjon som gjer at sjølve gjennomføringa av eksamen kan bli vanskeleg, eller at det kan føra til at nokon ikkje får møtt opp og dermed kan det få konsekvensar for vitnemålet, påpeikar Johansen.

Gjennomføringa av munnleg eksamen er skildra i smittevernrettleiarane for ungdomskulen og for vidaregåande skule. Her går det fram at kommunane òg må vurdera om det er mogleg og fagleg forsvarleg at ekstern sensor kan delta på digitale flater ved eksamen.

Kunnskapsminister Guri Melby står fast på at munnleg eksamen skal gjennomførast. Foto: Oda Scheel/Venstre

Kunnskapsministeren: Aktuell smittesituasjon avgjer

Kunnskapsminister Guri Melby (V) seier til Framtida.no at det er kommunane sjølve som må avgjera om smittesituasjonen lokalt tilsier at eksamen må avlysast.

– Men dei kan sjølvsagt rådføra seg med Utdanningsdirektoratet, helsestyresmaktene og statsforvaltarane, skriv ho i ein epost til Framtida.no.

– Kommunane har tilgang til å avlysa dersom den aktuelle smittesituasjonen ikkje gjer det mogleg å gjennomføra eksamen, men dei kan ikkje avlysa av omsyn til opplæringssituasjonen eller høgt smittetrykk gjennom året, legg ho til.


Les også: Elevorganisasjonen reagerer på at munnleg eksamen går som normalt: – Utruleg skuffa

Edvard Botterli Udnæs er nyvald leiar i Elevorganisasjonen. Foto: EO