Fylkesordførarar ber Melby avlyse munnleg eksamen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fylkesordførarane møtte Melby tysdag ettermiddag.

Berre éin fylkesordførar har ikkje skrive under på eit brev som er sendt til Melby, men Høgres fylkesordførar i Agder, Arne Thomassen, stadfestar overfor VG at han heller ikkje ønskjer at munnleg eksamen blir gjennomført.

Alle opplæringssjefane i fylke landa over er samde om at eksamen må avlysast sidan det blir for krevjande å gjennomføre, opplyser Trøndelag fylkeskommune i ei pressemelding.

Ein risikerer at svært mange elevar som til dømes må i ventekarantene, må ta eksamen på nytt. Det mest rettferdige og føreseielege for elevane som bur spreidd i alle kommunane i landet, ville vore om avgjerda vart teke samla for landet, meiner fylkesordførar Tore O. Sandvik i Trøndelag.

LES OGSÅ: Avlyser munnleg eksamen i Grenland – Oslo vurderer òg avlysing

Skifte i tiltaksnivå, kombinasjonen av digital og fysisk undervisning og oppfølging på avstand, har tært på mange, seier han.

Måndag sa Melby at munnleg eksamen berre kan avlysast viss det er uforsvarleg smittevernmessig å gjennomføre. Manglande undervisning er ikkje nok.

Fleire kommunar har vurdert å avlyse munnleg eksamen, mellom dei Oslo. Men kommunane står ikkje sjølv fritt til å avlyse eksamen.

– Det er berre viss smittevernomsyn tilseier at eksamen kan avlysast, at det kan gjerast. Ein kan ikkje bruke opplæringssituasjonen gjennom året som grunn til å avlyse eksamen, sa Melby måndag. (©NPK)

LES OGSÅ: Elevrådsleiar er uroa for at elevar vil føle seg nøydde til å møte sjuke på eksamen

Leander Fjeldstad, elevrådsleiar ved H20 Hersleb videregående skole. Foto: privat