Hjartelegen Tarjei har laga sin eigen app til hjelp i arbeidskvardagen

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 14.04.2021 09:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skjermdump av appen Tarjei Øvrebotten har samla kunnskap i.

– Dette byrja mest som eit prosjekt for meg sjølv fordi eg ville ha ein bra måte å slå opp ting på jobb på, men det er moro om andre kan ha nytte av det òg.

Det seier Tarjei Øvrebotten på telefon til Framtida.no.

36-åringen jobbar som kardiolog på A-hus, som betyr at han er spesialist på hjartemedisin.

Stort hjartefelt

Som kardiolog gjer han jamleg undersøkingar av hjarta til folk, mellom anna ved hjelp av EKG der ein set elektrodar på brystkassa til pasientar for å finna ut om dei kan ha hjarteinfarkt, rytmeproblem eller elektrolyttforstyrringar.

– Det er vanskeleg å ha oversikt over for den gjengse lege, så eg byrja å laga eit oppslagsverk med bilete og forklaringar, seier Øvrebotten.

Skjermdump frå appen til Tarjei Øvrebotten

Han har allereie laga ein prøveversjon av appen, som nokre kollegaar har fått tilgang til. Der kan ein til dømes sjå kva ein skal sjå etter på ultralyd av hjartet og kva som er vanlege dimensjonar.

For Øvrebotten og andre legar er mobilen eit viktig arbeidsverkty, og med appen håpar hjartelegen at det kan verte endå lettare å slå opp på det ein lurar på.

Håpet er at ein offentleg versjon kan verte tilgjengeleg til hausten. Namnet er ikkje klart endå, men skaparen ser føre seg at det ganske enkelt vert «Kardiologi», som er eit «fancy namn på hjartemedisin».

Mållaget jublar

Allereie før den offentlege lanseringa har Øvrebotten fått merksemd. Noregs Mållag har gjeve hjartelegen eit stipend på 50.000 kroner til arbeidet.

Peder Lofnes Hauge er leiar i Noregs Mållag. Foto: Jannica Luoto

Leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge, tykkjer det er eit glimrande glimrande prosjekt.

– Innanfor medisin er det få som nyttar nynorsk, og då er det ekstra viktig med ein god og bruksvenleg app. Etter det vi veit, finst det ingen appar som tilbyd dette, korkje på norsk eller engelsk, seier Lofnes Hauge i ei pressemelding.

For Øvrebotten er det å skriva nynorsk heilt naturleg og han mistenkjer at han hadde vorte arvelaus om han bytte målform.

– Korleis står det eigentleg til med nynorsken innafor ditt felt?

– Nei, det er ikkje så mykje brukt her på A-hus. Det er få menneske som skriv nynorsk, men det er ikkje noko problem. Det er lite sutring på at eg skriv nynorsk, kanskje litt klaging på at folk må skrive om når eg har skrive. Men det er godt tolerert, avsluttar han.


Les også: Thea (21) fekk blodpropp i lungene – trur p-pillene har skulda

Thea S. Hjelleset (21) oppmodar unge kvinner til å vere opne om prevensjonsbruk både med familie og helsepersonell. Ho opplevde å få blodpropp i lungene, som kan skuldast p-pillene ho brukte. Foto: Privat