Yrket mitt: Melissa (26) er bibliotekar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg visste på førehand at eg skulle rettleie ulike typar menneske med å finne rett medium tilpassa den enkelte, ikkje at eg skulle tørke opp urin etter ein barnehagegutt som vart så sint at han tissa på seg, fortel Melissa Solvang (26) på e-post til Framtida.no.

Den vesle guten ville nemleg ikkje tilbake i barnehagen, men halde fram med å henge på biblioteket, der Solvang arbeider som bibliotekar.

Før ho tok til i yrket forventa ho heller ikkje at ho skulle ende opp som ei slags «storesyster» for borna som heng på biblioteket etter skulen, fordi det er deira arena der dei kan vere åleine, men saman med andre.

– Biblioteket er barna sin stad. I alle fall har vi ein god dialog med barna og har saman skapt ei fin atmosfære, der dei veit at på biblioteket gjeld same reglar som på skulen. Barn skal få vere barn, som filosofen Jean-Jacques Rousseau, sa så fint. Heilt einig med han, ass.

Landets yngste biblioteksjef

Då Melissa Solvang gjekk sisteåret på vidaregåande, var ho usikker på kva yrkesveg ho skulle gå vidare. Det einaste ho visste var at ho ikkje ville ta ei utdanning med mykje matematikk eller blod:

– Eg ville gå min eigen veg, og ikkje ta ei utdanning som alle venninne mine tok.

Men ho hugsa at då ho var yngre, så besøkte ho biblioteket flittig. Ho kosa seg, dersom ho fekk sitje i fred i ein krok på biblioteket med ein kopp varm sjokolade til ti kroner.

Ho byrja difor på ei bachelorgrad i bibliotek- og informasjonsvitskap hjå Høgskulen i Oslo og Akershus, det som no heiter OsloMet.

– Heilt sjukt at eg faktisk har vore på biblioteket Book of Kells, som ligg på Trinity College. Biblioteket er på lista over verdas vakraste bibliotek, fortel Melissa Solvang om bilete til venstre. Bilete til høgre er frå ein ferietur i Dublin, Irland. Foto: Privat

– Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Her er eg nøydd til å seie nei. I løpet av bacheloren kan eg ikkje seie eg lærte noko veldig relevant eller nyttig som gjorde meg førebudd på yrket.

26-åringen minnast mykje teori, og lite praktisk læring. Heldigvis var det to obligatoriske praksisperiodar i utdanningsløpet:

– Eg hugsar veldig godt praksisperioden første året, då eg hadde praksis på Arkitektur- og designhøgskulen i Oslo. Då fekk eg bekrefta at eg hadde valt rett yrkesveg. Det var fint, seier Solvang.

Men trass i at utdanninga ikkje var like relevant som ho hadde håpa, så har Melissa Solvang landa på beina. Ho var berre 22 år gammal då ho tok over leiinga for bilioteket i Bø i Vesterålen, og vart landets yngste biblioteksjef.

Pratesjuke bibliotekgjester

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

– Som oftast startar eg dagen med å trakte kaffi, sjekke e-post og ta bestillingar på medium. Det som er fint med jobben som bibliotekar er at du kan fint legge opp din eigen arbeidsdag.

Bibliotekar-jobben er allsidig med ein del rutinar og mykje fridom. Melissa Solvang kan bruke tid på å førebu temautstillingar, som til dømes Pride-tematikk i september, og slå av ein prat med dei som tek turen.

– Mange forskjellige typar menneske er innom og skal anten skrive ut noko, låne ei god bok eller film, eller lese papiravisa. Nokre er veldig pratesjuke, men det er jo triveleg!

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Det er vanskeleg å velje ut ei spesifikk hending. For å peike ut ei hending hugsar eg veldig godt mitt første bokbad. Det var skummelt, men gjekk fint! fortel Solvang og legg til:

– Men det eg likar er å sjå gleda hjå folk når vi har fått inn ei bestseljarbok eller ei bok dei har spurt etter og som det har vore venteliste på før boka var gjeven ut!

Bilete frå Melissa Solvang sitt første bokbad i sommar under Reginedagan, i samtale med lokalforfatter Tor-Håkon Gabriel Håvardsen. Foto: Privat

Eit vandrande leksikon

26-åringen slit litt med å peike på kva det beste med jobben er, men synest noko av det kjekkaste er å diskutere bøker med kundar når dei begge har lese boka:

– Ofte vert det ein god diskusjon og vi har observert forskjellig. Det er gøy!

Samstundes synest ho det er kult at borna heng så mykje på biblioteket.

– Bibliotekhjartet mitt smeltar kvar gong barneskuleborn lånar med seg ein god bunke med bøker, som dei så vidt får plass til i skulesekken.

Noko av det aller beste er også at biblioteket bidreg til sosial utjamning og er ein arena for ytringsfridom, fortel Solvang, som meiner biblioteket er ei brikke i Noregs demokratiske grunnstruktur.

Melissa Solvang elskar å diskutere bøker med kundane, men hatar å måtte purre når dei leverer bøkene for seint attende. Foto: Ragnhild Steinulvsdatter Stuler

Ho set pris på å ha ein jobb der bøker, aviser og filmar er til gratis disposisjon for alle innbyggjarane, slik at kunnskap og informasjon er tilgjengeleg.

– Veldig mange studentar kjem med ynskje om pensumlitteratur. Tenk så mange kroner studentar sparar på å låne bøker heilt gratis på biblioteket!

Det som derimot er mindre kjekt, er å sende purringar når nokon har lånt ei bok i godt over eit halvår.

– Det er surt å vere gjerrig, men hallo – dei kan jo berre låne boka på nytt! Ikkje verre enn det.

Det er også utfordrande når nokon spør etter ei bok dei har høyrt om på radio eller tv, men ikkje anar verken forfattar eller tittel. Det er ikkje berre-berre for bibliotekaren å plukke fram rett bok, berre basert på korleis framsida ser ut eller ei skildring av innhaldet.

– Ofte trur dei eg er eit vandrande leksikon, verkar det som, når dei står der rett opp og ned, og forventar at eg veit akkurat kva bok det er snakk om. Usikker på om eg bør ta det som eit kompliment?

Slik åtvarar eit amerikansk bibliotek mot å putte bøker i mikrobølgeomnen for å fjerna eventuell koronasmitte. Foto: Largo Public Library

– Ta den utdanninga du vil!

Melissa Solvang fortel at som bibliotekar er det sjølvsagt eit pluss om ein er interessert i bøker:

– Men det er ikkje eit krav å vere altetande når det kjem til litteratur. Det er heller ikkje slik at du må lese fleire bøker i veka.

Sjølv er ho ein periodelesar – ho er ikkje ein som les veldig mykje heile tida, men i enkelte periodar kan ho lese opptil to-tre bøker i veka.

– Nokre av eigenskapane du bør ha er vel å vere tilpassingsdyktig og omgjengeleg, for du kjem tilfeldigvis bort i mange forskjellige menneske i løpet av ein dag. Ein fordel er jo å vere strukturert og villig til å hjelpe menneske, fortel bibliotekaren.

– Har du tips til ungdom som siktar mot denne jobben?

– Ikkje tenk på kva alle andre tenker – ta akkurat den utdanninga du vil. Utdanning er det mektigaste våpenet til å endre verda.

Samstundes påpeikar 26-åringen at det alltid er behov for fleire bibliotekarar, og at det er ein fin måte å hjelpe folk på utan at ein risikerer å få eit liv på samvitet.

– Det verste du kan gjere i jobben er anten å gjere ei feilbestilling eller starte ein høglytt krangel med ein kunde om boka eller filmen er best.

Ho rår andre som vurderer å verte bibliotekar til å starte i det små, som å sende ein open søknad til sitt lokale bibliotek for å sjå kva som føregår i kulissane og få verdifull erfaring.

Sjølv var ho i praksis på sitt lokale bibliotek på Flisa, då ho gjekk på vidaregåande. då fekk ho ein peikefinger på kva yrket innebar, og vart ei erfaring rikare på CV-en.

– Ver nysgjerrig og uredd! Vis kva du er god for og erfaring er gull! avsluttar Melissa Solvang.


I 2018 starta Mats Marken Jacobsen (31) Lund Optikk. Foto: Privat

Melissa Solvang

Alder: 26

Frå: Fødd i Oslo og vaks opp der mine første leveår. Flytta seinare til Kongsvinger, men vaks opp mesteparten av barne- og tenåra i Flisa. Budd eitt år på Lillehammer. Generelt frå Austlandsområdet.

Yrke: Bibliotekar (Biblioteksjef ved Bø bibliotek i Vesterålen). 

Utdanning: Bachelorgrad i bibliotek- og informasjonsvitskap frå Høgskulen i Oslo og Akershus (no: OsloMet), som det heitte då eg vart uteksaminert i 2017. No tek eg vidareutdanning i pedagogikk ved sidan av fulltidsjobb. Årseining, samlingsbasert, deltid.