Johanna (24) om å vere bifil: «Eg har blitt kalla for pervers og ekkel»

Johanna Breivang
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I januar i 2021 publiserte SSB si første undersøking som omhandla både seksuell orientering og seksuell tiltrekning. Det viktigaste å ta frå denne er at LHB+ personar har det verre enn generelle befolkninga på alle punkt.

Denne undersøkinga viser det ganske tydeleg: Skeive har verre livskvalitet enn heterofile.

LHB+

I tillegg til dette, kjem det fram at bifile ligg verst an. Bifile sitt resultat er ikkje overraskande, sidan tidlegare studie viser akkurat det same, og det reflekterer røynda som mange personleg lever, i tal.

Det er viktig å oppklare at det handlar altså om LHB+, men ikkje alle skeive her. SSB valde å kategorisere folk som lesbisk eller homofil, bifil, andre seksuelle orienteringar og heile befolkninga. Andre seksuelle orienteringar er altså dei som ikkje passar inn i uttrykka lesbisk/homofil/bifil, men som framleis er ikkje-heterofil.

Minoritetsstress og isolasjon

Halvparten av bifile seier dei er lite tilfreds med personleg økonomi. I underkant av halvparten av folk med «anna orientering» opplever det same. Éin av tre generelt sett er lite tilfreds med økonomien sin.

Det er altså ganske ulike tal.

Rundt fire av ti bifile slit med helsa.

Rundt fire av ti bifile slit med helsa. Både fysisk og psykisk. Dette heng saman med dei andre faktorane.

Når du har det vanskeleg i sinnet, så får du au kroppslege vanskar av stress. Dette blir oftast kalla for minoritetsstress.

Resultatet av dette stresset er høge rater av sjølvmordforsøk og større tendens til rusmisbruk. Mange bifile er ikkje opne med dei rundt seg og ender opp med å bli isolerte.

Negative karakteristikkar

Eg som bifil kjenner meg godt igjen i alt dette. Det finst nok mange grunnar til at bifile slit så mykje økonomisk, korfor vi slit så mykje med helsa og korfor vi vel å skjule oss. Vi blir utstøytt av samfunnet, som gjer det slik at det er vanskelegare å få seg jobb eller ha nokon status i samfunnet.

Vi blir utstøytt av samfunnet

Det er lett å peike til tal og dokument, men dette kan få det til å verka ganske ukjent og fjernt.

Korleis føler eg at samfunnet oppfattar meg? Eg meiner dette er største grunnen til at mange bifile slit. Folk kallar oss for all slags negative ting, som at vi er promiskuøse. Ei moralisering av seksualiteten vår.

Eg har blitt kalla for pervers og ekkel, seksualiteten min blir ofte sett på som anten syndefull eller unaturleg. Dette hadde sterk påverknad på meg i ungdomsskulen, og hadde sjølvsagt innverknad på helsa mi i ettertid.

Utfordrar bifobi

Trakassering er noko eg har opplevd ganske mykje sjølv. For meg er det ikkje «berre» statistikk, men personleg røynd. Ikkje berre trakassering på skule og slikt, men au på Pride!

Eg har blitt bede om å «velje side» av andre skeive, eller blitt fortalt at orienteringa mi er ikkje-legitim, oppdikta, for merksemd osv. Noko som sjølvsagt skaper framandgjering.

Bifile blir ofte utelatt av rampelyset

Det er viktig å påpeike at noko av det viktigaste mange av oss har, er bi-miljøet.

Mange lærer å akseptere seg sjølv og møter for første gong folk dei faktisk kan prate om seg sjølv til.

Dette er noko eg må gi spesiell takk til VisiBle for sjølv.

Bifile blir ofte utelatt av rampelyset, og dette har hatt negativ effekt på ganske mange av oss. Derfor er det viktig at vi finn miljøa våre, at folk lærer seg om kva bifile går gjennom og utfordrar bifobi når dei ser det.


Har du noko på hjarta? Send inn til: tips @ framtida.no!

Karoline Skarstein (28). Foto: Renate Wiik