Skottland: Først i verda med gratis mensen-produkt for alle

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Lovforslaget vart først lagt fram i 2017 av Monica Lennon i Labour-partiet. Målet var å kjempa mot mensen-fattigdom.

Fire år seinare, tysdag 25. februar 2020, vart det einstemmig vedteke. 112 stemte for, ingen imot og ein var fråhaldande.

Lovforslaget vil føre til at tampongar og bind blir tilgjengeleg på bestemte offentlege stader som samfunnshus, ungdomsklubbar og apotek.

Prisen er rekna å vera omlag 24,1 millionar pund i året (omlag 293 millionar kroner).

– Ikkje rettferdig

Parlamentsmedlem for det grøne partiet, Alison Johnstone. Foto: Edinburgh Green Party

Under debatten skal Lennon ha sagt at dette ville vera ein milepåle for å normalisera mensen i Skottland, og eit skikkeleg signal til folket om at parlamentet tek kjønnslikestilling på alvor, ifølgje Reuters.

– Kvifor er det slik at i 2020 blir toalettpapir sett på som ein nødvendigheit, medan mensen-produkt ikkje blir det? Å bli økonomisk straffa for ein naturleg kroppsfunksjon er ikkje rettferdig, sa parlamentsmedlem Alison Johnstone som også har vore med å laga lovforslaget.

1/4 har droppa skule eller jobb

Ifølgje ei undersøking frå 2018 har over 25 prosent av kvinner i England, Skottland og Wales latt vere å gå på jobb eller skule fordi dei ikkje hadde råd til mensen-produkt.

I 2018 vart Skottland det første landet i verda som gjorde bind og tampongar gratis for studentar.

I England og Wales er det no også gratis sanitærprodukt tilgjengeleg på alle grunnskular. England har også snakka om å fjerna den såkalla tampong-skatten etter Brexit, men det har ikkje skjedd så langt.

Les også: Skottland gjev gratis bind og tampongar til studentar

Storbritannia har varsla at den såkalla «tampongskatten» er noko av det første som forsvinn når landet går ut av EU. Illustrasjonsbilete: Coloubox

Storbritannia har varsla at den såkalla «tampongskatten» er noko av det første som forsvinn når landet går ut av EU. Illustrasjonsbilete: Coloubox