New Zealand vil gi ut gratis mensenprodukt på skulen

New Zealand vil gjere mensenprodukt tilgjengeleg på skular over heile landet for å kjempe mot mensen-fattigdom.

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag 4. juni vart det klart at styresmaktene i New Zealand vil gi ut gratis mensenprodukt til skular over heile landet.

Målet er å kjempe mot mensen-fattigdom: at jenter og kvinner ikkje har råd til å kjøpe nok sanitærprodukt til mensen.

95.000 blir heime frå skulen

– Me reknar at omlag 95.000 jenter i alderen 8-18 år blir heime frå skulen under mensen fordi dei ikkje har råd til bind og tampongar, fortalde statsminister Jacinda Ardern i ei pressemelding.

Ved å gje det ut gratis, håpar dei å få desse unge tilbake på skulebenken.

Styresmaktene investerer 2,6 millionar newzealandske dollar, omlag 16 millionar norske kroner, i initiativet.

Det vil først bli rulla ut på 15 skular i Waikato-regionen nord i landet, 20. juli, og så til heile landet i løpet av 2021.

Ikkje først ute

New Zealand er ikkje åleine om å ta grep for å nedkjempe mensenfattigdom. I januar lanserte utdanningsdepartementet i England eit program som skal sikre tilgangen på mensenprodukt i alle skulane i landet.

I februar vart Skottland det første landet i verda som gjekk inn for å sikra gratis tilgang til mensenprodukt for alle, gjennom the Period Products (Free Provision) Scotland Bill.

Illustrasjonsfoto: Ibrahim Rifath og Michael Longmire/Unsplash. Kollasj: Framtida.no