Unge Høgre reagerer på Unge Venstre-forslag: – Eit hån mot dei fråværsgrensa hjelper

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 25.04.2021 20:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– At Unge Venstre vil vende partiet som har kunnskapsministeren i denne saka, er eit hån mot dei fråværsgrensa hjelper, seier Hassan Nawaz (23) på telefon til Framtida.no.

Nawaz er leiar i Oslo Unge Høgre, og fortel at han vert bekymra av forslaget frå Unge Venstre om å skrote fråværsgrensa.

– Resultata av fråværsgrensa er klare: Fråværet stuper, karakterane går oppover og fleire fullfører vidaregåande skule, seier Nawaz.

Unge Venstre og Elevorganisasjonen er samde

Framtida.no skreiv tidlegare i dag om at Unge Venstre vil arbeide for at moderpartiet skal gå inn for å skrote fråværsgrensa på Venstre-landsmøtet i helga.

– Fråværsgrensa sviktar dei ho var tiltenkt: dei som slit mest, sa Benedicte Bjørnås, 2. nestleiar i Unge Venstre, til Framtida.no då.

– Venstre, som skal vere eit parti på lag med eleven og dei som fell utanfor A4-boksen, er nøydde til å sjå på andre mogelegheiter for å oppnå gode resultat og fange opp dei som treng det, seier Benedicte Bjørnås frå Unge Venstre. Foto: Oda Scheel

Bjørnås fekk støtte frå Elevorganisasjonen, som meiner fråværsgrensa ikkje lukkast i å hjelpe dei som treng det mest, men heller fører til mistillit og dyttar elevar ut av skulen.

Sidan fråværsgrensa vart innført i 2016 har fråværet sokke med 27 prosent og karaktersnittet har gått opp, men elevar som tidlegare har fått «ikkje vurdert» i eitt fag, får det no i fleire. Rapporten frå 2020 konkluderte med at grensa verken var problemet eller løysinga. Ein Fafo-rapport frå 2019 peika òg på redusert fråvær, og ein auka risiko for å falle frå.

– Det vert feil av Unge Venstre å påstå at dette berre er «pene tal», seier Unge Høgre-politikar Hassan Nawaz.

Endå han medgjev at det framleis er ein veg å gå, så meiner han vi med fråværsgrensa er på veg i riktig retning:

– Å skulle snu båten og seie «gå den andre vegen», heng ikkje på greip når statistikken er klinkande klår.

Styrkt skulehelseteneste, ikkje skrota fråværsgrense

Hassan Nawaz meiner fråværsgrensa er verktøyet som hjelper lærarar å oppdage elevane som slit, slik at elevane også kan få hjelpa dei treng:

– Dei treng å verte sett. Dei kan ikkje berre vere heime og grave seg ned i mørkret, seier han.

Kva meiner du om fråværsgrensa?

Kva meiner du om fråværsgrensa?

Ho bør verte skrota! 11
Lat ho vere som i dag!7
Vi bør ha ho, men justere ho litt. 6
Anar ikkje. 3
Svar totalt: 27

 

Fylkesleiaren meiner at utfordringane ein ser kan verte løyste med betre tilpassing på skulane og styrkt skulehelseteneste, ikkje ved å skrote fråværsgrensa.

– Vi treng fleire helsesjukepleiarar i skulehelsetenesta og fleire skulepsykologar som kan følgje opp elevane tett.

Unge Høgre-politikaren seier at han forventar at regjeringa opnar lommeboka etter koronapandemien, og at skulehelsetenesta vert eit av dei største satsingsområda framover, slik at ein kan plukke opp dei elevane som fell frå.

Hassan Nawaz medgjev at fråværsgrensa ikkje er 100 prosent perfekt, men fryktar konsekvensane ved å gå vekk frå ho vil vere større.

– Det vil vere bakovervendt å fjerne det viktigaste insentivet for at fråværet går ned, seier han.


Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen