Fleire vel berekraftig kosthald

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

9.000 personar deltok i undersøkinga, som skal gi eit bilete av helsa til befolkninga, trivsel og levevanar.

Svara i undersøkinga blir ikkje presenterte før 29. april, men allereie no opplyser Folkehelseinstituttet (FHI) at det ser ut til at berekraft har vorte eit aktualisert tema når det gjeld kosthald.

– Heile 62 prosent svarte at dei har gjort endringar i kosthaldet dei siste tre åra for å få eit meir berekraftig kosthald med lågare miljøbelastning, seier Marianne Hope Abel ved avdeling for kroniske sjukdommar og aldring i FHI.

Ut frå svara i undersøkinga er det òg mykje som tyder på at nordmenn har ein veg å gå for å følgje kostråda frå styresmaktene. FHI skriv at folk flest til dømes gjerne kan doble inntaket av frukt og grønsaker.

– Samtidig ser vi at ein veldig høg del av befolkninga tek kosttilskot. Heile 80 prosent svarer at dei bruker dette i ei eller anna form, seier Abel.


Frå venstre: Sathana Josefine Sasikaran, Gaute Haukvik-Jensen, Elias Lund-Johnsen, Jakob Borge Sandbakk på Vollebekk skole i Oslo skal teste ut larvar.