Larvar i maten: – Eg trudde eg skulle spy

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 28.12.2020 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trudde eg skulle spy, så eg var førebudd på at eg skulle ha ei bytte ved sidan av meg når eg skulle ete, seier Gaute Haukvik-Jensen (14).

Framtida.no er på besøk hjå Vollebekk skole i Oslo, der det no står «Mat og helse» på timeplanen til 9. klassingane. Dei har akkurat starta ei prosjektperiode om berekraftig mat, og på skulekjøkenet skal dei lage omelett og polarbrød.

Det som er meir spesielt, og grunnen til at Gaute stussa, er at eine gruppa skal ha larvar i maten.

Sjå videoen frå larvesmakinga her: 

– Minner om potetgull

Heller ikkje Josefine Sasikaran var særleg sikker på korleis dette kom til å verte:

– Eg trudde at vi skulle bruke hanskar for å plukke larvar opp frå bakken, og så drepe dei, steike og ete dei. Eg tenkte det var litt rart, men så fann eg ut at dei var daude.

På Vollebekk skole har 9. klassingane fått på seg forkle, og oppgåvene er fordelte. Josefine kuttar lauk og sopp, medan Jakob Borge Sandbakk vispar egg til omelett.

Gaute og Elias Lund-Johnsen skal lage polarbrød med larvar. Dei granskar Mjølmums-pakken nøye:

– Dei er ikkje levande, sant? spør Gaute og pustar letta ut når han får beskjed om at dei er både daude og tørka.

Berekraftig

FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) har rekna ut at larvar treng seks gongar mindre vatn, areal og fôr til produksjon enn storfe. Dei små krypa er difor ei ettertrakta porteinkjelde for eit berekraftig kosthald.

– Kjøt er jo veldig godt, så det vert kanskje vanskeleg å slutte heilt med det og starte med larvar. Men ein kan kanskje gjere det litt etter litt – meir og meir larvar og mindre og mindre kjøt, resonnerer Elias.

Gaute og Elias har fått ansvaret for å lage polarbrød, men først skal dei smake på Mjølmumsen.

Elevane er ikkje redde for å smake dei tynne, grå larvane. Dei legg ein larve rett på tunga, og når dei tygg knasar det i munnen.

– Det kan kanskje minne litt om potetgull, seier Elias.

Josefine synest det smakar meir som peanøtter.

– Eg er spent på korleis det smakar i omeletten, seier Jakob.

Tradisjonelle nordmenn

Larvane, som no vert ein del av lunsjen på Vollebekk skole, er det Larveriet på Voss som har produsert. Førebels sel bedrifta tørka larvar som Mjølmums, larvepulver og på utvalde butikkar også eit brød laga med larvar.

– Eg vart veldig gira på kor logisk det var at insekt var så effektive og nytta lite ressursar. Det er verdas mest naturlege ting, fortel Alexander Solstad Ringheim om starten på Larveriet. Foto: Privat

– Vi var ganske pessimistiske då vi starta – vi nordmenn likar det vi likar. Vi er tradisjonelle på nokre måtar, seier dagleg leiar Alexander Solstad Ringheim på telefon til Framtida.no.

Samstundes er larvar i kosten det mest naturlege i verda, fortel han.

Det er kanskje nytt for norske ganar, men i andre land har insekt vore ein del av matkulturen i mange år.

Larveriet er berre ein dråpe i havet når det kjem til sirkulærøkonomi og berekraft, fortel Ringheim, men understrekar at dette er ei omstilling som lyt skje no.

– Eg trur det er utruleg viktig at vi har fleire berekraftige og meir effektive typar mat vi kan ete, og at produkta dukkar opp i butikken, seier han og trekker også fram laboratoriumdyrka kjøt og mikroalgar som spennande alternativ.

100 millionar larvar

Alexander Ringheim fortel at sidan Larveriet først vart etablert i ein kjellar på Voss i 2016, har det vore eit nøysamt arbeid. Det var upløygd mark og mykje tid har gått med til å sikre eit kvalitetsprodukt og i dialogen med Mattilsynet om protokollar og regelverk.

– Det farlegaste som kan skje for oss som bedrift, er at vi leverer eit produkt som ikkje er godt. Folk vert sjuke av hotdogs kvar dag, men om éin person vert sjuk av insekt så har det meir å seie sidan det er noko nytt, fortel Ringheim.

Då bedrifta starta opp hadde dei 5000 larvar, no har dei 10 millionar, og i løpet av året håpar dei å ha heile 100 millionar larvar.

Det såg ikkje særleg velsmakande ut då larvane vart knadd inn i deigen, men då polarbrøda var ferdige var det ikkje verst.

Samstundes ser dei ei auka interesse både frå kundar og frå media – dagleg får dei e-postar frå skular, restaurantar og folk som lurer på kvar dei kan kjøpe larvane. Kvifor er dei ikkje tilgjengelege på butikken i Vadsø enno?

Roboten er komen i hus på Voss. Foto: Larveriet

Men no skal dei flytte fokus over på korleis dei kan gjere drifta meir effektiv:

– Dei siste åra har vi vaska boksane larvane bur i med skrubb og oppvaskbørste, men for ei veke sidan fekk vi ein ny robot på garden. Den skal automatisk fôre insekta, sortere avlsinsekta frå matlarvane og halde reint.

Øl med larvar

Det betyr at Ringheim får tid til å drive på med meir spennande ting. Som å eksperimentere med nye oppskrifter og produkt.

No utforskar Larveriet mogelegheita for både ost og øl med larvar, men Ringheim kan ikkje garantere at desse når fram til butikkhyllene.

– Av alle dei hundrevis av tinga vi har prøvd til no, så var morta larvar i bønnestuing til taco det absolutt beste. Det var skikkeleg godt! fortel 33-åringen.

Det er også slik han trur det kjem til å verte vanleg å ete larveprodukt, som pulvertilskot i rettar vi allereie kjenner.

Men dersom regelverket opnar for at Larveriet kan selje frosne eller levande larvar, så vil profesjonelle og hobby-kokkar landet rundt få større spelerom til å utforske nye rettar. Då har larvane ein heilt annan konsistens og smak.

– Chili-larvar skal vere litt skumle – du skal sjå kva det er slik, og det kan vere ei barriere å
prøve dei. Det skal vere ei oppleving, seier Alexander Ringheim. Foto: Larveriet

Smakstesten

Elevane på Vollebekk skole har sett seg til bords, og på tallerken ligg omeletten med sopp, lauk og larvar. Ved sida av, nybaka larve-polarbrød.

– Er det larvar i smøret òg? spør ein forferda niandeklassing i det smørpakkane vert send rundt.

Gaute, Josefine, Elias og Jakob vert samde om å smake på same tid.

Elias fryktar han ikkje vil like maten, men det er ikkje grunna dei grå insekta – det er på grunn av sjampinjongen.

Frå venstre: Josefine, Gaute, Jakob og Elias smakar på maten.

Dei ser på kvarandre medan dei tygg, og det rykker litt i munnviken på fleire av dei.

– Det smakte ikkje noko spesielt, så det var eigentleg ganske godt, slår Elias fast og  Josefine er samd.

– Eg likte det, men det var ikkje heilt perfekt – det er ikkje pizza og taco og det nivået der, seier Gaute.

– Trur du de kjem til å ete meir larvar i framtida?

– Tida går og det er ikkje sikkert at vi har så mykje mat att på jorda etter kvart, og då er insekt eit godt alternativ, seier Jakob.

Sjølv om Gaute ikkje fekk bruk for noko bytte i dag, så er ikkje 14-åringen like optimistisk til å smake andre insekt:

– Dei som er ekle, dei trur eg at eg kjem til å spy av.