Nordmenn viser interesse for insekt som mat
FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) ser insekt som eit alternativ til anna mat for å gjere matproduksjon meir berekraftig i åra som kjem. Fleire forhandlarar i Noreg har opplevd auka interesse for insekt som matkjelde.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det hadde vore bra for miljøet dersom ein kunne erstatte kjøtt med andre proteinkjelder som insekt, men eg trur mat generelt er så sterkt kulturelt forankra at ei rask endring er optimistisk, seier Christoffer Klyve i Framtiden i våre hender til E24.
FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) har berekna at larvar treng seks gonger mindre vatn, areal og fôr til produksjon enn storfe. Krypa er difor interessante i eit berekraft-perspektiv.
Fleire matforhandlarar har opplevd ei auka interesse for insekt som matkjelde, skriv E24.
- Les også meiningsinnlegget frå Sindre Rygvik Hansen (16): Vi må endre den oppfatninga samfunnet vårt har skapt av at insekt er ekle og motbydelege kryp
Nysgjerrige på alternativ mat
Meny hadde i 2019 eit prøveprosjekt der dei selde larvebrød, og opplevde større interesse enn venta.
Nina Horn Hynne i Meny fortel at det var veldig stor interesse i byrjinga, samtidig som folk syntest det var spennande over tid. Ho trur folk treng tid til å venne seg til nye produkt, og gir døme på at folk òg var skeptiske til ketsjup eller salmalaks i starten.
Har du smakt mat laga med insekt?
Har du smakt mat laga med insekt?
Mathallen i Oslo har sidan 2014 hatt fleire arrangement med fokus på insekt som mat, og dei opplevde stor interesse frå starten av.
– Folk flest er nysgjerrige på alternative etevanar, seier Mathallen-sjef Frode Rønne Malmo til E24.
Han trur reisevanane til folk, i tillegg til at det er fokus på berekraftig mat gjer at folk er meir opne for å ete insekt enn før.